Hopp til innhold

Nedringt med avbestillingar etter rasvarsel

Turistvert Eystein Oppdøl i Innerdalen blir nedringt av redde gjestar som avbestiller opphaldet. Han seier det framleis er trygt å reise til dalen.

en mann som smiler til kameraet
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det har vore hektisk på Rendølsetra turisthytte etter nyheita om at større skred kan gå frå fjellet Skarfjellet i Innerdalen.

Dalen er eit populært turområdet, og etter rasmeldinga melder fleire avbod på turisthyttene i området.

– Eg har svart på så mange forespurnader om folk som spør om det er trygt, og det er det jo, seier Eystein Oppdøl, som driv Rendølssetra.

Mange ringer og er uroa etter oppslag med åtvaringar om å vere i området. Oppdøl understreker at det stort sett er trygt å vere i Innerdalen.

– Området det er snakk om er rett nedanfor raset, og det er ikkje her, seier han.

Ifølgje NVE er skadane for skredet avgrensa. Områda i dalen som er mest populære for turgåarar er ikkje i fare. Det er sett opp skilt for å åtvare folk om å gå inn i rasområdet.

Et hus med gjerde og hage foran seg
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Såg store blokker smelle nedover fjellsida

Laurdag var Brage Øien og kjærasten på tur til Innerdalstårnet, då dei høyrde høge smell frå nabofjellet Skarfjellet.

Allereie på veg opp var det uro i fjellet. På returen nokre timar seinare hadde aktiviteten tatt seg kraftig opp.

Brage Øien sit ved eit tre

Brage Øien fekk seg ein støkk då han høyrde kor det buldra i Skarfjellet i helga.

Foto: privat / NRK

– Vi ser dei store blokkene som berre smell nedover steinåsen og hoppar og lagar støvsky etter seg. Det var ganske mykje aktivitet samtidig, med fleire steinblokker i fleire retningar, seier Øien.

Han seier dei blei urolege over den uvanlege aktiviteten. Då dei i ettertid las at det har vore rørsler på 15 mm på ein time, fekk han hakeslepp.

– 15 mm er ganske stort, det høyrest ut som det kjem ut som det kjem til å bli eit større ras, seier Øien.

På laurdag fanga turgåarar eit steinras i fjellet. Den siste tida har det rast meir enn vanlig, og det har vore fleire steinsprang.

På laurdag filma Børge Øien steinras frå fjellet. Den siste tida har det rast meir enn vanleg, og det har vore fleire steinsprang.

NVE overvakar no området

NVE sette måndag i gang overvaking av området etter å ha blitt varsla av kommunen. Det har vore fleire skred frå fjellet dei siste dagane og urovekkjande høge rørsler i fjellet.

– Det er for å få kontroll på situasjonen. Når ein oppdagar så høg aktivitet ønskjer vi å sikre oss dersom det kan kome eit større skred, seier vakthavande geolog Kjetil Indrevær til NRK.

Han strekar under at det er uvisst om dei uvanlege rørslene vil utløyse eit skred, og når det eventuelt kan skje. Innsamling av data dei neste dagane, vil kunne gje eit tydlegare svar på dette.

Kjetil indrevær i NVE

Vakthavande geolog Kjetil Indrevær i NVE.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Er redd for dyra sine

Jørgen Singsdal driv gard like ved Skarfjellet, og høyrde steinspranget måndag kveld. Han har både kyr og sauer som beiter i området. Etter steinraset måndag valde han å flytte kyrne sine lengre bort i dalen.

Eg har jo beiteområde her, så eg har flytta dei så langt unna eg meiner er forsvarleg – i tilfelle raset går, seier han.

Han seier det har vore vanleg med steinsprang i området, men meiner det no er meir enn før.

Dette er ikkje første gangen garden har vore utsett for ras, seier bonden.

– Det har skjedd før, rundt år 1730. Då gjekk det eit stort skred i Grasdalen, og då vart det ei demning i elva som til slutt brast. Då flauma vatnet utover åkrane.

Han er likevel ikkje bekymra for at garden skal bli tatt av raset.

– Det går bra, vi satsar jo på at fjellet stabiliserer seg, og at dette er forbigåande. Vi føler at vi er trygg, for det er langt unna.

en mann som står foran et gjerde og et fjell

Jørgen Singsdal har flytta dyra sine lenger unna i tilfelle det skal kome eit stort skred.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Såg tydelege spor etter ras

Også Ingar Langli har observert dei uvanlege rørslene i fjellet. Han er leiar i Røde Kors hjelpekorps i Sunndal, og var på redningsaksjon i Innerdalstårnet måndag kveld.

Der såg dei tydelege spor etter at eit ras som nyleg hadde gått.

Vi såg kor steinspranget hadde gått nedover fjellsida då vi var på tur nedover igjen. Det såg ikkje gammalt ut, seier han til NRK.

Han har vore der mange gangar før, og er godt kjend med korleis det vanlegvis ser ut.

Ingar Langli er korpsleiar i Sunndal Røde Kors

Ingar Langli er korpsleiar i Røde Kors hjelpekorps i Sunndal og har også sett spor etter steinskred dei siste dagane.

Foto: Arnfinn Skinlo / Aura Avis

Er glad han er ute av området

Geologistudenten Brage Øien, som laurdag var på tur på i Innerdalen, seier det var interessant å sjå steinskred på nært hald. Han er mest vand med å lese om det frå bøkene.

Han er likevel glad for å vere ute av området. Han vil definitivt gjerne tilbake, men ikkje før situasjonen er avklart.

– Det blir ikkje noko tur til Innerdalhytta med det første, før dette roar seg. Men vi vil veldig gjerne tilbake, men kanskje når det blir litt rolegare i området, seier han.

Et skilt på en grusvei
Foto: Eirik Haukenes / NRK