Hopp til innhold

NVE: – Ønskjer å sikre oss dersom det kan kome eit større skred

NVE overvakar no eit stort fjellparti i det rasutsette Skarfjellet i Møre og Romsdal. Dei fryktar at fjellsida kan kollapse og ber turgåarar halde seg unna stien under fjellet.

En gresskledd åker med fjell i bakgrunnen

SKARFJELLET: Skarfjellet ligg i Innerdalen i Sunndal kommune på Nordmøre. Den siste tida har det vore mykje aktivitet i fjellet.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eit stort fjellparti i det populære turområdet Innerdalen har bevegd seg uvanleg mykje den siste tida.

– På ein time måndag bevegde fjellet seg minst 15 millimeter. NVE skildrar det som svært stor eller ekstremt stor rørsle. I tillegg er det veldig aktiv rasaktivitet, som tyder på at det er stor rørsle i fjellet, seier beredskapskoordinator i Sunndal, Erik Forbregd Henriksen.

Tysdag morgon stadfestar vakthavande geolog Kjetil Indrevær i NVE at dei følgjer situasjonen ved Skarfjellet nøye.

– Det er for å få kontroll på situasjonen. Når ein oppdagar så høg aktivitet ønskjer vi å sikre oss dersom det kan kome eit større skred, seier han til NRK.

Han seier det har vore rørsler gjennom heile natta på rundt ein centimeter kvar time. Det er uvanleg mykje.

Kjetil indrevær i NVE

Kjetil Indrevær, vakthavande geolog NVE.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

Skulle heile fjellpartiet rase ut samtidig, vil massen vere på opp mot 5 millionar kubikkmeter. Det er 100 gongar så stort som Veslemannen, som raste ut i Romsdalen i 2019.

  • Skarfjellet i Innerdalen
    Foto: Astri Olsen Husø / NRK
  • Skarfjellet i Innerdalen
    Foto: Astri Olsen Husø / NRK
  • Skarfjellet i Innerdalen
    Foto: Astri Olsen Husø / NRK
  • Skarfjellet i Innerdalen
    Foto: Astri Olsen Husø / NRK
  • Skarfjellet i Innerdalen
    Foto: Astri Olsen Husø / NRK

Overvaker fjellet

Måndag sette NVE opp ein radar som måler bevegelse med millimeterpresisjon.

NVE-geolog Kjetil Indrevær seier det ikkje er mogleg å vite når eit eventuelt skred kan gå.

– Nei, det er vanskeleg å føresjå. Vi følgjer rørslene og ventar ei akselererande fase som leiar inn mot skred, dersom det skulle gå. Det kan gå veker, månader eller år, eller stoppe heilt opp og ikkje kome i det heile tatt, seier Indrevær.

Målestasjon for NVE på Skarfjellet

Målestasjonen til NVE på Skarsjellet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han seier det er viktig at folk ikkje går inn i utløpsområdet for eit eventuelt skred.

Sjå kart over dette området lenger nede.

Den største faren er steinsprang-aktiviteten, som sjølvsagt kan skade folk. Dersom heile fjellpartiet skulle gå, er det farleg å vere i området, seier han.

I vår har det ha gått fleire fjellskred frå Skarfjellet. Den siste tida har det rast meir enn vanleg og det har vore fleire steinsprang.

Det var Aura Avis som først melde om saka.

Bildet er basert på radarsatellitter som registrerer bevegelse. Jo mørkere rødfarge jo større bevegelse i det ustabile fjellpartiet. Ustabilt fjellparti er anslått til å være på cirka 5 millioner kubikkmeter.

Biletet er basert på målingar frå radarsatelittar. – Jo mørkare raudfarge jo større rørsle i det ustabile fjellpartiet. Ustabilt fjellparti er anslått å vera på cirka 5 millionar kubikkmeter, skriv Sunndal kommune.

Foto: InSAR Norge/NGU

Ber folk unngå området

Skarfjellet ligg like ved Innerdalstårnet, eit populært turmål i Innerdalen. Utløpssona for skredet går på andre sida av fjellet, og ikkje mot det ikoniske klatremålet.

Området Innerdalen har opp mot 25.000 besøkande i året. Skarfjellet er også eit populært klatrefjell, trass i at dei fleste turgåarar går andre stadar enn dit.

No ber kommunen lokale folk om å tipse turistar i området om faren.

Beredskapskoordinator i Sunndal, Erik Forbregd Henriksen, seier dei har observasjonar av folk som har vore i område og bevega seg i utløpsområdet når det har gått ras.

– Skarfjell er eit nasjonalt kjent klatrefjell og ei populært friluftsområde. Vi er bekymra for at det kan vere folk i området når det er skredaktivitet eller når eit eventuelt skred kjem.

– Det viktigaste er å halde seg unne det fargelagde området som vi viser til, legg han til.

NVE har sett på moglege utløp ved eit fjellskred. Desse viser at det ikkje er fare for hus der folk bur, Innerdalsvatnet, eller stien mot Innerdalen.

– Utover det må folk gjerne dra til Innerdalen og nyte naturen der, seier Henriksen.

Kommunen skriv på Facebook at det blir sett opp skilt for å markere rasfare frå Nerdal i retning område Grasdalen og sti i retning Hoåslia.

Bildet viser resultatet fra modellering av mulig utløp fra et fjellskred fra det ustabile fjellpartiet. Sunndal kommune og NVE fraråder sterkt ferdsel innenfor området (markert i rødt). Vi ber alle lokale i området om å tipse turister og andre. Det vil bli satt opp bukk med skilt markert "Rasfare" opp fra Nerdal i retning område Grasdalen og sti i retning Hoåslia.

Bildet viser eit mogleg utløp frå eit fjellskred frå det ustabile fjellpartiet. Sunndal kommune og NVE åtvarar sterkt mot ferdsel innanfor område som er markert i raudt. 

Grafikk: Sunndal kommune

– Høyrdest ut som torebråk

Fleire av turgåarane som har vore i området dei siste dagane har observert det urolege fjellet. Astrid Roaldset og mannen Trygve Roaldset, er styrarar på Innerdalshytta, like ved Skarfjellet.

Fleire av dei rundt 70 gjestene har gjort fleire observasjonar det siste døgnet.

Måndag kveld var det mykje lyn og torevêr i området.

Det som høyrdest ut som torebråk, kan fort ha vore steinras, seier Astrid Roaldset.

Ho seier fleire gjester har sett steinar flytte på seg i fjellsida, og sett støvskya frå skred.

– Det var litt skremmande til å byrje med, men det ser roleg ut der oppe no.

Skarfjellet i Sunndal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt