Hopp til innhold

– Kritikkverdig at kapasiteten ikkje er god nok

Ferjestrekninga mellom Ørsneset og Magerholm er Møre og Romsdal si mest trafikkerte. Kvar gong ei ferje får driftsavbrot eller må på reperasjon er det bilistane som får svi.

M/S Norangfjord

Ferja M/F Norangfjord har sidan 14. oktober vore på eit årleg verkstadopphald. Reserveferja M/S Ivar Aasen har mykje lågare kapasitet, noko som har ført til problem for dei mange tusen som dagleg pendlar mellom Sykkylven og Stranda til Ålesunds-regionen.

Foto: Fjord1

Ordførar i Sykkylven, Petter Lyshol (H) meiner ferjene som blir sett inn som reserveferjer ved driftsavbrot eller verkstadopphald på ferjesambandet Ørsneset-Magerholm, ikkje samsvarar med behovet.

– Det er heilt klart kritikkverdig at vi ikkje får den kapasiteten som strekninga krev og skal ha. Vi skulle hatt same kapasiteten på reserveferja som den som går i rute til dagleg, seier Petter Lyshol.

Kapasitet til 158 færre passasjerar

I samband med det årlege verkstadopphaldet til ferja M/F Norangsfjord blei ferja M/F Ivar Aasen frå 14. oktober sett inn på sambandet. Medan M/F Norangfjord har kapasitet til 350 passasjerar har M/F Ivar Aasen ein del mindre plass. 192 passasjerar får plass ombord i reserveferja.

– Det er heilt tydeleg at vi ikkje toler ein nedgong i kapasiteten. Ein må erstatte den kapasiteten som var der, med ein tilsvarande kapasitet, seier Lyshol.

Skal i møte med Fjord1

På grunn av det han meiner har vore dårleg kommunikasjon med ferjeselskapet har ordføraren no bedt om eit møte med Fjord1.

– På det møtet vil eg i all hovudsak prøve å få til ein god dialog i forhold til reaksjonsmønsteret til Fjord1 når ei hovudferje blir tatt ut av drift. Eg vil også fremje synspunktet mitt om at dei bør erstatte ferja med ei som er like stor, seier Petter Lyshol.

Lyshol meiner det har blitt vanskelegare å halde kontakta med ferjeselskapet, etter at kontoret i Molde blei vedtatt lagt ned tidlegare i år. No må Lyshol og andre som vil kome i kontakt med selskapet kontakte kontoret i Florø.

– Det har vore uoversiktleg med tanke på å få tak i dei rette personane. Det er det problemet eg håper vi får bukt med gjennom ein god dialog med Fjord1, seier Lyshol avslutningsvis.

M/F Norangsfjord vil etter planen gå inn igjen i sambandet Ørsneset - Magerholm i løpet av onsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL