Blir gitt ut i USA

Hausten 2021 blir romanen «Slåttekar i himmelen» gitt ut på engelsk i USA. Det er den første boka i Edvard Hoems slektsroman som kom ut i 2014. Boka har lenge vore etterspurt på engelsk sidan handlinga tar for seg utvandringa frå Noreg til Amerika.

På fredag kjem forfattaren frå Romsdal ut med si sjette bok i slektskrønika som heiter «Felemakaren». Førehandssalet er so stort at halve opplaget på 25.000 allereie er seld før boka kjem ut i butikkane.