NRK Meny
Normal

– Uklokt med sommardekk no

Vinterføret kom, og det fekk bilistane merke. Etter ei helg med nedbør og låge temperaturar starta måndagen med fleire ulykker.

Glatte veier

GLATT: Det blei varsla om svært glatte vegar på Glomset i Skodje måndags morgon.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Vi har hatt nok å gjere i dag

Operasjonsleiar i politiet, Tor Andre Gram Franck

Det har vore mange trafikkuhell i Møre og Romsdal denne måndagen. Operasjonsleiar i politiet Tor André Gram Franck presiserer at det ikkje er sikkert at alt er på grunn av vêret, men er klar over at forholda har vore ei utfordring.

Laster Twitter-innhold

– Dette er jo ikkje uvanleg. Ved første snøfall køyrer folk av vegen. Det kan sjå ut som om det kjem like overraskande kvart år, legg han til.

Trafikkulykke Glomset

UTFOR VEGEN: Nødetatane rykte ut til ei utforkøyring på Glomset i Skodje måndags morgon.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

– Uklokt med sommardekk no

Vegvesenet fortelt at dei har alt mannskap ute på vegane for å sørge for at dei held den standarden dei skal.

Torgeir Bye

I FULL SVING: Torgeir Bye i Statens vegvesen opplyser at dei har alle entreprenørar ute for å sørge for at vegane held god nok standard.

Foto: Statens vegvesen

– Vi får inn meldingar om at alle vegane i fylket held god standard, og alt er godt innanfor krava, men vi må jo erkjenne at vinteren er her, seier Torgeir Bye i vegvesenet.

Ifølge Bye er det ei utfordring at føret er ujamt. Lokale vêrforhold gjer at det er sørpe og is enkelte plassar, mens det er bart og fint andre plassar på same strekning.

Likevel hintar Bye til at det ting ein sjølv kan gjere for å hindre uhell.

– Ein av bilane som gjekk av vegen i dag hadde sommardekk, og det er jo ikkje spesielt klokt, konkluderer Bye.

Bilvelt i Batnfjord

VELTA: Ein bil velta av vegen i Batnfjord, men det blei ikkje meldt om personskadar som følge av ulykka.

Foto: Ronny Myrset

Ser betre ut framover

– Det blir sluddbyer og regnbyer på kysten resten av dagen, men temperaturane held seg nokså høgt seier statsmeteorolog Steinar Skare.

Ifølge meteorologen blir det mildare frå tysdags føremiddag, så føret på vegane skal vere greitt. Likevel bør ein vere på vakt i morgontimane på tysdag.

– Det blir låge temperaturar på natta, og nedbøren tysdags morgon kan nok gjere at det vil vere glatt på vegane, seier Skare.