Hopp til innhold

Politiet: – Begge var rusa og ingen hadde førarkort

Ein bil med to personar hamna på taket i Rauma. Ingen av dei to mennene hadde lov å køyre bilen.

Bil hamna utfor vegen ved Måndalen i Rauma

Dei to mennene i 20-åra skal ikkje vere skadde, men blei sendt til sjukehuset i Molde for sjekk.

Foto: Arnt Morten Olsen

Det var klokka 13.45 at politiet fekk melding om trafikkulykka aust for Måndalen i Rauma.

Bilen låg på taket eit stykke utanfor vegen.

– Det er tatt avhøyr og då får vi konkludere med kven som har køyrt bilen og korleis dei har klart dette, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Begge var rusa

Det var to menn i 20-åra i bilen og begge skal ha vore rusa. Ingen av dei hadde førarkort. Dei to er sendt til sjukehus for sjekk.

Det er tatt blodprøver av mennene og politiet opprettar sak.

Trafikkulykke i Måndalen.

Ulykka skjedde på E136 aust for Måndalen i Rauma.

Foto: Arnt Olsen