Hopp til innhold

Bil i sjøen- ei kvinne funnen omkomen

Ein kvinneleg bilførar er stadfesta omkomen etter at bilen hamna i sjøen i Øksendal i Sunndal.

Dødsulykke i Øksendal

Naudetatane rykte ut då det kom melding om at ein bil låg i sjøen.

Foto: Eva Gikling

Politiet fekk melding om at ein bil låg i sjøen klokka 12.29. Klokka 13.25 stadfesta politiet at ein person vart funnen omkomen. Det var redningsdykkarar som henta opp vedkomande frå sjøen.

Operasjonsleiar Arild Reite seier at dei set ulykka i samanheng med ein sakna person, som ikkje møtte opp til ein avtale.

Politiet fekk ei bekymringsmelding klokka 11.30 og var i ferd med å sette i gang ein leiteaksjon. Då politiet ein time seinare fekk melding om bilen i sjøen, sette dei sakene i samanheng.

Utforkøyringa har skjedd på fylkesveg 62 i Øksendal.

Det skal ikkje ha vore vitne til hendinga.

Operasjonsleiar Arild Reite i politiet seier at dei etterforskar dette som ei trafikkulykke.

Årsaka er så langt ikkje kjend.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL