Hopp til innhold

Bil køyrde inn i kyr

Politiet melder om ein bil som skal ha køyrt inn i ein flokk med kyr på Torshall i Hustadvika. Føraren skal vere uskadd. Politiet skriv vidare at bonden er varsla og skal kome å sjå til dyra, som skal ha løpt etter samanstøtet. Bilen skal ha store skadar.