Hopp til innhold

Best på kulturminne i landet

På eit restaurert sagbruk i Lesja er dei best i landet til å formidle kulturhistorie.

På eit restaurert sagbruk i Lesja er dei best i landet til å formidle kulturhistorie.

På eit restaurert sagbruk i Lesja er dei best i landet til å formidle kulturhistorie.

Nasjonalkomiteen for Kulturminnedagen har vald ut arrangementet "Vatn og kulturminne frå dagleglivet" då Kulturminnedagen skulle markerast i år.

Sagelva vasskraftsenter ligg i Lesja, men deleigar og dei fleste i kulturlaget bur i Rauma. Dei to kommunane samarbeider om arrangementet.

Betre enn 67 andre

Smeden på Brøstsaga
Foto: Thor Petter Krohn

- Veldig kjekt. Det er stort at me gjekk av med sigeren blant 68 søkjarar, seier Per Stueflotten, som er ein av hjernane bak prosjektet.

Under arrangementet på Brøstsaga søndag fekk Stueflotten diplom og lovnad om prispengar på 30 000 kroner.

- Dei kjem godt med. Alle som har delteke i arbeidet må få ein skjerv, og me har jo også brukt pengar på hendinga i dag.

Mykje å sjå

På Brøstsaga
Foto: Thor Petter Krohn

Der var mykje å oppleve på saga søndag.

Bygdekvinnelaget og Husflidlaget viste gamle teknikkar, og det var mogleg å få sjå både smeden og trearbeidaren i aksjon.

- Det var stappfullt her, heilt voldsomt mykje folk. Og så var me jo så heldige med veret. Etter at det har regna i to månader, fekk me strålande sol, seier Stueflotten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL