NRK Meny
Normal

Ber ungdomen følge hjarte sitt

Ungdom bør ikkje la dagens dårlege arbeidsmarknad påverke sine yrkesval. Det meiner karriererettleiar Rose Marie Skarset i Møre og Romsdal fylkeskommune.

10-klassingar Atlanten ungdomsskule

Elevane i 10-klasse ved Atlanten ungdomsskule seier at dei vil følge hjarte når dei skal velje vidaregåande utdanning til våren.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ved Atlanten ungdomsskule i Kristiansund er 10-klassingane i gang med å bestemme seg for kva skuleretning dei skal søke til hausten. Valmoglegheitene og interessene er mange.

– Ingeniør, med IKT-fag, seier ein.

– Eg kunne kanskje tenke meg å jobbe med butikk- og salsarbeid, seier ein annan.

Tenker ikkje på det

Men dagens arbeidsmarknad, med nedgangstider innanfor ein rekke sektorar, gjer det ekstra utfordrande å velje utdanning. Jobbar innan kontor, ingeniørarbeid og andre populære yrkesval er dei områda som har hatt kraftigast nedgangen den siste tida.

Likevel påverkar ikkje det 10-klassingane i særleg stor grad.

Pia Storvik

Pia Storvik vil velje ei utdanning ho interesserer seg for.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Nei, det endrar seg veldig frå år til år, seier Pia Storvik, 10-klassing ved Atlanten ungdomsskule.

Ho får støtte av klassekameratane.

– Nei, eg tenker først på kva eg har lyst å bli og så får vi skje kva som skjer når det blir min tur, seier Markus Nordeide.

– Følg hjartet

Og det er eit heilt riktig val, meiner ekspertane.

– Dei kan ikkje bry seg for mykje om svingingane og alt det negative som kjem fram i media. Dei må heller tenke langsiktig, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar for karriere og oppfølging i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rose Marie Skarset

Rose Mari Skarset, seksjonsleiar for karriere og oppfølging i Møre og Romsdal fylkeskommune, meiner elevane bør følgje hjartet sitt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For 10-klassingane ved Atlanten ungdomsskule vil det uansett ta minst fire år før dei er klare for jobb, og mykje kan ha skjedd på den tida. Det blir faktisk sett på som ei fordel at ungdomen vel med hjartet og ikkje berre hovudet.

– Det å ta eit val og velje noko som ein har lyst til gjer at motivasjonen for å gjennomføre vidaregåande opplæring blir mykje større, seier Skarset.

Og akkurat dette er 10-klassingane i Kristiansund samde i.

– Er det litt skummelt?

– Nei, ein må jo ta sjansar om ein vil lukkast, seier ein av elevane.