Ber båtførarar vere merksame
Ferga i rute 21 reiv i går av ei sjøledning i skipsleia ved Lepsøyrevet/Skjelten i Haram. Denne ligg no i overflata og kan vere farleg for båttrafikk i området.
Havnevesenet og kystverket er varsla og er på veg til området. Kommunen ber om at folk som er på sjøen er obs på situasjonen og ferdast forsiktig.