Hopp til innhold

Ben Amos til Molde

Reservekeeper i Manchester United, Ben Amos, blir leigd ut til Molde.

Ben Amos - Palmi Pamason

Her er United-keeper Ben Amos i duell med Palmi Palmason i kampen i Telenor arena i januar.

Foto: Heiki Junge / Scanpix

Molde fotballklubb stadfester no på nettsiden sine at avtalen er inngått, sjølv om ikkje alle papira er på plass.

- Alle papira er ikkie i orden, men det er fordi dei aktuelle kontora ikkje var opne i går ettermiddag," seier adm.dir. Tarje Nordstrand Jacobsen til moldefk.no.

Det var avisa Romsdals Budstikke som først meldte om at ein avtale truleg var på gang. Laurdag formiddag kom stadfestinga frå Molde fotballklubb.

Nettsus med nye spisser

Molde signerte venstreback

Kontakt mellom klubbane

Molde har eit nært forhold til Manchester United, ikkje minst gjennom Ole Gunnar Solskjær og no seinast gjennom overgangen til Mame Biram Diouf. Også stortalentet Magnus Wolff Eikrem, lagkamerat med Ben Amos, kjem frå Molde.

- Det er fantstisk at klubben har fått ein så god relasjon til ein stor klubb som United. At vi kan få til ein vinn-vinn situasjon også sportsleg er fantastisk," seier Jacobsen til mfk.no.

Klar for Molde

Til Oslo i dag

Ben Amos Amos kjem til Oslo i dag for å slutte seg til Molde-troppen. Han skal trene med Molde i Telenor Arena laurdag kveld. Og Ben Amos kjem til å debutere for Molde alt søndag ettermiddag.

- Han står kampen i morgon og er med på treninga i Telenor Arena i kveld, seier trenar Kjell Jonevret til mfk.no

Har studert Amos

Molde skal ha fulgt Amos over tid. Trenar Kjell Jonevret og Erling Moe såg reservelaget både i trening og kamp då dei vitja Manchester før jul. Amos spelte også godt i treningskampen mellom United-reservane og Stabæk i Telenor Arena i januar. Då sat MFK sin keepertrenar Per Magne Midsund på tribunen.