Hopp til innhold

Molde signerte venstreback

Den svenske landslagsbacken Emil Johansson er klar for Molde. Han har skrive ein fireårskontrakt med Molde fotbakklubb.

Emil Johansson

Emil Johansson i ein U21-kamp mot Italia.

Foto: Christian Charisius / Scanpix

Molde fotballklubb har fulgt Johansson i lengre tid. Klubben og spelaren har ei stund vore samde om vilkåra for overgangen. I dag blei også dei klubbane Molde FK og Hammarby samde.

Ungdommeleg pågangsmot

Administrerande direktør i Molde fotballklubb, Tarje Nordstrand Jacobsen er godt nøgd med denne signeringa.

- Her får vi ungdommeleg pågangsmot, masse entusiasme og god fart og eit veldig godt venstrebein, seier Jacobsen til NRK Møre og Romsdal.

Ser rødt etter Mota-salg

Mota til Korea

Diouf overtar Tevez' drakt

Sel Rindarøy

Mykje tyder på at Knut Olav Rindarøy vert seld om kort tid. Emil Johansson er kjøpt inn for å erstatte Rindarøy. No set Molde fokus på å styrke angrepet i laget.

- Nye folk i angrepet er prioritet nummer ein på agendaen framover, seier Jacobsen. VI ser etter ein spelar som skal gå rett inn i førsteellevaren. VI ønskjer ein spelargtype som liknar på Mame Biram Diouf, seier Terje Nordstrand Jacobsen. Då tenkjer eg på fart og gode bakromseigenskapar, seier han.

Yngre spelar

Molde leitar også etter ein yngre angripar som laget kan arbeide med over tid. I tillegg ønskjer Molde å få ei avklaring av situasjonen til Rune Ertsås som kom tilbake frå Frankrike utan at det var blitt semje om kontrakt.

Mota-utleige hever laget

Tarje Nordstrand Jacobsen meiner Molde ikkje har vore utsett for særleg kvass kritikk i samband med at José Mota er blitt leigd ut til det koreanske laget som er eigd av Samsung-konsernet.

- Det er utan tvil sportslege grunnar til at vi har inngått denne avtalen. Med dei midlane vi får tilgang på no, vil dette bli brukt til å heve laget sportsleg, seier Jacobsen.