Hopp til innhold

Båtutleigar: – Gode rutinar redda liv

Gode rutinar om klokkeslett for når fritidsbåtane skal vere tilbake igjen, var avgjerande for at dei tre tyske turistane i havsnaud blei redda, meiner han som leigde ut båten på Averøy i går.

vågen Gård, Kårvåg

Vågen Gård på Kårvåg i Averøy driv både båtutleige og hytteutleige til turistar.

Foto: Roar Halten / NRK

– Kjølen blir liten når det er der du skal overleve. 13 timar i dødsangst, og uvissa når båtar passere utan at dei oppdagar kva som har skjedd, måtte opplevast svært vanskeleg, seier Terje Starheim ved Vågen Gård på Kårvåg i Averøy.

Det var Starheim som leigde ut båten til dei tre tyskarane som i går sat 13 timar på kjølen til den kantra fritidsbåten i sjøen utanfor Averøy.

Glad for at rutinene fungerte

Terje Starheim er glad for at han som utleigar av fritidsbåtar til turistar, har klare rutinar for varsling dersom uhellet er ute.

Foto: Roar Halten / NRK

Alt blei gjort rett

Starheim fortel at dei ved 19- tida i går kveld, oppdaga at noko ikkje stemte med fiskebåten dei hadde leigd ut.

Gode rutinar for å melde frå om når båten er venta tilbake frå fisketur, og rutinar for å varsle om endringar av planane, gjorde at alt enda bra i går, meiner båtutleigaren.

– Då dei ikkje var komne tilbake slik avtalen var, gjekk vi straks i gang med eit kort søk. Vi undersøkte dei farlegaste plassane. utan å finne noko. Då slo vi alarm, seier Terje Starheim.

Fiskeferie er populært

Terje Starheim til venstre, eig Vågen Gård og legg til rette for at turistar kan drive fiske. Steffen Hoffman er tysk turist og gjest hos Vågen Gård. Han var ikkje med om bord på båten som kantra i går.

Foto: Roar Halten / NRK

Imponerande

Letta og glad gir han stor honnør til Hovudredningssentalen og redningsskøyta Erik Bye for rask handling.

Det gjekk berre ein times tid frå vi varsla til dei tre i båten var om bord i redningsskøyta. Alt skjedde raskt og effektivt. Ein imponerande innsats gjorde at alt fekk ein lukkeleg utgang, slår han fast.

Båtutleigaren gir stor anerkjenning til redningshelikopteret som kom til, og gav legehjelp til dei tre som var nedkjølte.

I tillegg til gode rutinar og effektiv redningsteneste, hadde dei tre på kjølen også lukka på si side, meiner Terje Starheim

– Dei tre hadde ein umåteleg stor flaks. Dette viser også kor viktig det er med gode rutinar i samband med utleige av fritidsbåtar, konkluderer han.

Stor glede

Dei tre tyske turistane som blei redda etter dramaet ved Averøy, ønskjer ikkje å bli intervjua av pressa no i ettermiddag. Dei er framleis sterkt prega av hendinga på sjøen i går.

Turistane som blei redda

Dei tre som blei redda er frå venstre, Horst Hoffman, Jürgen Förster og Detlef Schmitt.

Foto: Roar Halten / NRK

Alle tre gir uttrykk for stor takksemd og glede for at alt enda godt. Dei gir stor ros til Redningsselskapet for innsatsen mannskapet gjorde under operasjonen i går kveld. Dei tre tyske kompisane oppheld seg framleis på Averøy, og vil truleg halde fram fiskeferien ved Vangen Gård.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL