Hopp til innhold

Arrestert etter knivtruslar mot politimann

Ein mann i Ålesund er arrestert etter å ha trua ein politimann med kniv. I to timar måtte politiet forhandle med mannen før han la vekk kniven.

Politiutrykkning Gåsied Ålesund

Politiet rykte ut med fleire patruljebilar etter at ein polititenestemann skal ha blitt trua med kniv i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rundt klokka 14.00 torsdag melde politiet at dei rykte ut til eit forhold i Gåseid-området i Ålesund der ein mann trua ein polititenestemann med kniv.

Politiaksjon Ålesund

Politiet har væpna seg i samband med politiaksjonen på Gåseid i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I tillegg til politi var også brannvesen og helsepersonell til stades.

Politiet på staden var væpna med skotsikre vestar og våpen.

Like før klokka 15.00 melde politiet at dei hadde isolert staden der mannen oppheldt seg.

– Vi har sperra han av og han kan ikkje komme seg nokon veg. Vi er i dialog med ham og prøver å få ham til å legge frå seg kniven, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck.

Ein time seinare vart mannen arrestert utan at nokon kom til skade.

Laster Twitter-innhold
Politiaksjon i Ålesund

Politiet er på staden med fleire bilar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL