Hopp til innhold

15-åringar fiska sin eigen konfirmasjonsmiddag: – Veit ikkje om alle var begeistra

Aron og Iver var ikkje i tvil om kva dei skulle severe gjestene på den store dagen. Råvarene drog dei opp frå havet sjølve to dagar før.

Iver (til venstre) og Aron Kvalsund Remøy

Iver (til venstre) og Aron Kvalsund Remøy då dei drog inn torsken til konfirmasjonsfesten sin.

Foto: privat

Det blei verken biff eller tapas då 15-åringane Aron og Iver Kvalsund Remøy blei konfirmerte i Herøy på Sunnmøre nyleg.

Dei to tenåringsgutane er ivrige hobbyfiskarar – og bestemte seg tidleg for at dei sjølve ville ordne middagsmaten til festbordet.

– Vi tenkte vi kunne fiske fisken sjølv, så då var ikkje det noko problem. Vi tenkte det kom til å bli ein god torskemiddag, seier Iver Kvalsund Remøy.

Aron (til venstre) og Iver Kvalsund Remøy

Aron (til venstre) og Iver Kvalsund Remøy er syskenbarn og kompisar. Begge vil bli fiskarar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei to gutane er syskenbarn og feira i lag, og to dagar før reiste dei ut med båten til faren og onkelen. I løpet av kvelden drog opp rundt 20–30 torskar.

– Fisk er godt, og når vi har sjansen til å få tak i gratis middag, så gjekk vi for det, seier Aron Kvalsund Remøy nøkternt.

Det var Vestlandsnytt som fortalde om dei unge fiskarane først.

Aron og Iver Kvalsund Remøy

Det blei store mengder fisk då gutane reiste på sjøen.

Foto: privat

Torsk bakt i champagne

Då fisket og sløyinga var ferdig, sto dei igjen med rundt 20 kilo fersk torskefilet. Med innleigd kokk blei menyen ein konfirmasjonsfest verdig:

  • Champagnebakt torsk med sylta raudløk
  • Potet- og sellerirotpurè
  • Broccolini
  • Smørkokt gulrot
  • Sandefjordsmør

Kokken Vegard Longva lagde maten. Til dagleg arbeider han på ringnotsnurparen M/S Strand Senior frå Ålesund.

Han seier mange unge rynkar på nasen av fisk, og er glad for at 15-åringane likevel reiste på sjøen for å skaffe festmat.

Vegard Longva

Kokken Vegard Longva synest det var spenstig og tøft å servere fisk i konfirmasjonen.

Foto: privat

Det synest eg er heilt fantastisk. Det å servere fisk til ein konfirmasjonsmiddag er spenstig og tøft, seier han, og legg til at svært mange vel indrefilet, svinenakke eller roastbeef.

Middag i konfirmasjon

KVIT DUK OG FESTMAT: Ein porsjon sjølvfiska torsk i champagne med potet- og rotmos, smørdampa gulrot, brocollini og sandefjordsmør.

Foto: privat

Har sommarjobb på sjøen

Dei to syskenbarna på 15 år har vore ihuga hobbyfiskarar i mange år. I juni skal dei ha praksisveke på sjøen og har også sikra seg sommarjobb.

Planen for begge er å bli profesjonelle fiskarar.

Sjølv om dei sjølve er veldig glade i fisk, vedgår dei at det var litt spesielt å ordne sin eigen festmat.

Dei fekk skryt frå mange av gjestene, og syntest sjølv det blei eit herremåltid.

– Eg veit ikkje om alle var begeistra, men dei smakte no, og likte det ganske godt, seier Aron Kvalsund Grimstad.

Aron og Iver Kvalsund Remøy

Iver (til venstre) og Aron Kvalsund Remøy medan dei ønskte dei 34 gjestene sine velkomne til konfirmasjonsfest.

Foto: privat

Les også Abel og kompisane elskar parfyme: – Det kan aldri bli nok

Abel Elias Krøvel og kompisane testar parfyme på Moa