Hopp til innhold

Jobbar for å finne ut kva som skjedde då tank eksploderte

Arbeidstilsynet har starta sine undersøkingar etter dødsulykka i Stranda. Hofsethgruppen har sett i verk tiltak for at dei andre tilsette skal føle seg trygge på jobb.

Hofseth sitt oppdrettsanlegg i Stranda. Ein mann i 20-åra omkom fredag då ein tank på anlegget eksploderte.

UNDERSØKING: Politiet og Arbeidstilsynet samarbeider for å undersøke kva gjorde at ein tank eksploderte på eit oppdrettsanlegg på Stranda fredag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet, Arbeidstilsynet og representantar frå Hofseth har no vore på synfaring etter ulykka på Liabygda i Stranda.

Ein mann i 20-åra omkom då ein tank på eit oppdrettsanlegg eksploderte fredag. Målet med synfaringa er å finne ut kva som gjorde at den eksploderte.

Les også Ein person omkom etter eksplosjon

Ulykke skjedde ved Ovråneset, Liabygda.

Samarbeider med politiet og Arbeidstilsynet

Ulykka skjedde på ei fôringsflåte som blir brukt i samband med fiskeoppdrett. Den er eigd av Hofsethgruppen.

– Vi veit at ulykka har skjedd i samband med arbeid. Hendinga skjedde på ein betongflåte med to tankar som er nedfelt i flåten. Desse tankane blir brukt til behandling og lagring av fiskeavfall, seier Marit Torsvik i Arbeidstilsynet.

Krimteknikarar frå politiet starta sine undersøkingar allereie på fredag. Dei jobbar no vidare med undersøkingar og avhøyr.

Knut Eilert Røsvik, prosjektdirektør i Hofsethgruppen, seier at dei samarbeider tett med Arbeidstilsynet og politiet. Det er for tidleg til å seie noko om årsaka til eksplosjonen. Likevel har Hofseth sett i verk eigne rutinar.

– Vi har pålagt spesielle rutinar, som ein respons på det som skjedde. Dette er mest etter føre var-prinsippet, og for at dei tilsette ved dei andre lokalitetane skal føle at dei kan jobbe trygt, seier Røsvik.

Anlegget som ulykka skjedde på er ein relativt stor lokalitet med både laks og ørret. Arbeidet der blei stoppa etter ulykka, men vil gradvis starte opp igjen i løpet av veka.

– Det er fleire hundretusen fisk der, som vi er nøydd til å følge opp, seier Røsvik.

Flåten er tilknytta oppdrettsanlegget i Liabygda.

Ulykka skjedde på ein fôringsflåte som blir brukt i samband med fiskeoppdrett.

Foto: Rita Løseth / NYSS

Tilsette møttest

Det var 25 år gamle Perry Emil Johansen som omkom i ulykka. Namnet blei frigjort i samråd med dei pårørande.

Dei tilsette i Hofseth blir følgt opp av bedriftshelsetenesta. I tillegg blei det lagt til rette for ei samling på laurdag, der dei tilsette møttest.

– Der kunne dei som ønska det kome, vere saman og snakke med kvarandre. Vi hadde ei fin stund. Mange av dei som jobbar ilag på anlegga kjenner kvarandre godt, seier Røsvik.

Nokon har også lagt ned blomster og tent lys på kaia ved Overåneset i Stranda, ikkje så langt frå der ulykka skjedde.

Nokon har lagt ned blomster på kaia etter at ein mann i 20-åra omkom i ein eksplosjon på eit oppdrettsanlegg som Hofseth International eig.

Nokon har lagt ned blomster og tent lys på ei kai ikkje langt frå der ulykka skjedde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Open kyrkje

Perry Emil Johansen kom frå Fiskarstranda i Sula. Langevåg kyrkje opnar difor dørene for alle som treng det i dag klokka 17.00.

Både familie, prest og kriseteamet kjem til å vere til stades.

Det blei også sett krisestab i fleire kommunar etter ulykka.

Langevåg kirke i solskinn

Langevåg kyrkje opnar dørene for dei som ønskjer det tysdag.

Foto: HÅVARD JANGAARD STRAND / NRK