Hopp til innhold

Anonymt kyrkjeval

Valet av medlemer til sokneråd og bispedømeråd har hamna i skuggen av Stortingsvalet. Mange seier dei ikkje veit kven kandidatane er eller kva kandidatane står for.

Molde domkyrkje
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I år er det val til sokneråda og bispedømerådet same dag som Stortingsvalet.

Veit ikkje kven kandidatane er

NRK Møre og Romsdal tok med kanditatlista og viste den fram til folk vi møtte i gatene i Molde. Nesten utan unnatak reagerte folka vi møtte med hovudristing og klare signal om at dei ikkje ante kven folka på lista var.

- Jeg kjenner ikke en eneste en av disse, sier Jonny Tangen. Absolutt ingen.

- Nei vi aner ikke hvem disse er, forteller Birgitte Hovde og Pernille Frisvold.

Pernille Frisvold og Birgitte Hovde

Pernille Frisvold og Birgitte Hovde.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Etter en stund og noen ledetråder kommer de på at de har fått et valgkort i posten. - Jeg har det liggende hjemme et sted, sier Birgitte Hovde. - Men jeg har nok kastet det, sier Pernille Frisvold.

Hefte og nettside

Valet til bispedømeråd blir administrert av stiftsdirektøren på kontoret på kontoret til bispedøma. Innanfor dei ressursane dei har til rådvelde har dei produsert eit presentasjonshefte. Det ligg noko informasjon om kandidatane i valkorta som er sende ut til medlemene i Den norske Kyrkja. Og i samband med valet er det oppretta eigne nettsider der kandidatane blir presenterte.

Valkamp uglesett

Under Stortingsvalet er valkampen den viktigaste arenaen for å gjere kandidatane kjende. Kyrkjevalet har ingen slik arena.

Kristian Myhre

Kristian Myhre er den yngste kandidaten på vallista til bispedømerådsvalet i Møre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Det kan virke som om det å drive valkamp er uglesett, seier kandidat til bispedømerådsvalet i Møre, Kristian Myhre.

Stor utfordring

Bestefar til Kristian Myhre, tidlegare Molde-ordførar Rolf Myhre, er også uroa over at informasjonen om kandidatane og kva dei står for har vore for dårleg.

Rolf Myhre

Rolf Myhre, tidlegare ordførar i Molde er ein av kandidatane til nytt bispedømeråd.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Det kan sjå ut som om vi står overfor ei stor oppgåve her, seier Rolf Myhre.

Konfliktsaker

Det er skrive ein del om kandidatane i heftet som er gitt ut i samband med bispedømerådsvalet. Men heftet gir ikkje noko systematisk oversyn over korleis kandidatane stiller seg til kontroversielle spørsmål.

Jan-Egil Korseberg

Jan-Egil Korseberg er stiftsdirektør i Møre.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- Homofilisaka kan ha vore overdimensjonert i media, seier stiftsdirektør Jan-Egil Korseberg. Ved å fokusere på konfliktfylte einskildsaker kan dette ta merksemda vekk frå andre viktige saker som kyrkja er oppteken av, seier han.

Viktig

Kyrkjeminister Trond Giske seier at den nye valordninga er ein viktig lekk i demokratiseringa av kyrkja.

Trond Giske

Kyrkjeminister Trond Giske.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

- I åra framover skal vi flytte makta til å utnemne biskopar frå Kongen i Statsråd og ut til organ i kyrkja som er forankra i desse vala. Då er det utruleg viktig at alle dei som er medlemer i Den norske Kyrkja nyttar dette høvet til å vere med og avgjere kven som skal styre kyrkja, seier han.