Hopp til innhold

Anders Hovden må flyttast frå europavegen i Ørsta sentrum

Fagert er landet, der statuen av Anders Hovden står, ikkje langt frå Ørsta-elva. Eller, landet VAR fagert, inntil europavegen grov seg nærare og nærare. No skal vegen byggjast ut nok ein gong, og forfattaren av denne nasjonalsalmen må flyttast.

Anders Hoven, statu

Her var det fagert før. Men tidi ho renn, og vegar og bensinstasjon krev plass. No må statuen flyttast.

Foto: Grete Bjørdalsbakke

Soli ho sprett og ho gladar, innimellom regnbygene denne haustdagen i Ørsta. Formannskapet har hatt møte. Alle er samde om at Anders Hovden skal flyttast. Men forfattaren av forteljinga «Rotlaus» kan få ein «Laak lagnad». Ørsta-politikarane er nemleg ikkje samde om kva som skal bli «Heim og Hamn» for statuen.

Gudny Fagerhol

Ordførar i Ørsta, Gudny Fagerhol.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Vi har ikkje teke stilling til ei endeleg plassering. Men det har kome fram veldig mange alternativ i dag. Desse alternativa skal vi drøfte på neste formannskapsmøte, etter at partia har drøfta dette i gruppene sine, seier ordførar i Ørsta, Gudny Fagerhol.

– Tidi ho renn

Anders Hovden, statu

Statuen av Anders Hovden blei reist her i 1958.

Foto: Grete Bjørdalsbakke

Monumentet av Anders Hoven blei reist i 1958. Det er bilethoggaren Anne Grimdalen som har laga statuen. Like ved europavegen mellom Ørsta og Volda, ikkje langt frå Ørsta-elva, har Anders Hovden stått sidan. Men «tidi ho renn som elv mot os. Fort skiftar sumar til vetter». Slik er det også med trafikktilhøva gjennom Ørsta sentrum. Og Anders Hovden må vike.

– Vi skal bestemme oss fort. Denne saka skal ikkje ut på noka lang reise, seier Gudny Fagerhol.

Anders Hovden og Ivar Aasen

Anders Hovden hadde eit nært forhold til Ivar Aasen. Det var Ivar Aasen som hjelpte Anders Hovden med pengar til utdanning, og Aasen var på mange måtar ein velgjerar for Hovden. Dette kjem fram ikkje minst i skriftet «Ivar Aasen i kvardagslaget». No kan dei to hovdingane kome nær kvarandre att gjennom denne omplasseringa av Anders Hovden-statuen.

– Det kom fram fleire alternativ. Eg støttar alternativet der Anders Hovden blir plassert på Øyehaugtomta. Slik kjem han nær Ivar Aasen igjen. Der kan dei sjå kvarandre rett over rundkøyringa på europavegen. Men dette skal vi diskutere, avsluttar ordførar Gudny Fagerhol.

Strev og møda

Ordførar Gudny Fagerhol varslar ein kort prosess, der «strev og møda» ikkje skal ta overhand. Dermed blir det ikkje kvar einaste «fjell og flud» som skal vurderast, heller ikkje «kvar åker med grøde». Partia skal drøfte saka, og kommunepolitikarane skal finne ei plassering som skal høve «radt til dei seinaste ætter».