– Vi får forhåpentlegvis svar i løpet av dagen. Dersom det går i orden, så vil den ekstra tribunen ta drygt 1000 tilskodarar.
Det opplyser Lars-Petter Rønnestad, mediesjef og marknadskonsulent i Hødd.
For etterspurnaden er der. Allereie klokka 13.00 onsdag, om lag fire timar etter at billettsalet hadde opna, var alle ledige billettar til NM-kampen mellom Hødd og Brann utselt.
– Vi håper på ein litt rolegare dag i dag. Gårsdagen gjekk over all forventning, og ingen her på huset var ferdig på jobb før midnatt, fortel Rønnestad torsdag morgon.
Av dei noverande 4333 plassane, er 3533 selt. 800 sesongkortinnhavarar har billettkjøpsfrist fredag klokka 12.00, men nærmast alle har allereie kjøpt sin vanlege plass.
– Ein liten del har ikkje kjøpt igjen plassen sin, men eg reknar med at 99 prosent av dei med sesongkort vil kjøpe sin vanlege plass til cupkampen.
Avlyser innleigde flomlys
Tidlegare i veka har Hødd tenkt tanken på å leige inn lysriggar. For på grunn av manglande flomlys på Høddvoll, må kampen spelast seinast 16.00.
Seint onsdag blei det derimot klart at lysriggar ikkje er tema lenger.
– Vi hadde møte her i går. Det hadde sannsynlegvis gått fint, og vi hadde fått lys, men leverandøren kunne ikkje garantere at lysriggane ikkje ville bli påverka dersom det bles meir enn liten kuling.
– Og ein veit aldri på Sunnmøre, det kan vere sterk kuling på cupdagen, og då hadde vi ikkje kunna garantere for sikkerheita, fortel Rønnestad.
Dermed må kampen gå på dagtid. NFF avgjer kampstart, Hødd håper på 16.00.
Har hatt ekstratribune tidlegare
Inn mot NFF no er det derimot ekstra tribune som blir jobba mest med. Signala er gode, men ingenting er stadfesta.
– Vi vil informere om det på nettsida vår dersom det blir 100 prosent klart i dag. Dersom vi får det til, vil det bli sett opp ei ekstra tribune på vestsida, ned mot Ulsteinvik sentrum, seier Rønnestad.
1000 ekstra billettar ledige, som alle mest sannsynleg blir selt, vil òg bety ekstra kroner i klubbkassa. Éin sitjeplass i kampen mellom Hødd og Brann kostar 200 kroner, medan ein barnebillett kostar 100 kroner.
Dersom NFF gjev Hødd klarsignal for ei ekstra tribune, blir det heller ikkje første gong Hødd utvidar Høddvoll.
I 1995, då Hødd var i Tippeligaen, og i tidlegare cupkampar, har ekstra tribune blitt sett opp.