Hopp til innhold

Ålesund var varmast i landet

Det var varmt over heile fylket den siste søndagen i september. Varmast var det i Ålesund, som kunne skryte av heile 25,9 grader.

Sol i Ålesund

Arkivfoto: Ålesund var varmast i landet i dag med 25,9 grader.

Foto: Magnus Gamlem

Det skriv Meteorologisk institutt på Twitter søndag kveld.

På Bingsa i Ålesund blei det målt heile 25,9 grader i dag. Ved Brusdalsvatnet blei det målt 24,7 grader medan temperaturen i Ålesund sentrum var 24 grader.

– Dei uvanleg høge temperaturane skuldast varm luft som kjem sørfrå, seier meteorolog Jan Steinar Arnetvedt ved vêrvarslinga på Vestlandet.

Men ifølgje meteorologen kjem dei høge temperaturane dessverre ikkje til å vare neste veke.

– Det kjem ein kaldfront allereie til natta så det blir ikkje så varmt i morgon. Då er det venta temperaturar opp imot 15 grader, seier Arnetvedt.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL