Hopp til innhold

Tek i bruk kunstig intelligens i kreftbehandling

Det kreftlegar kan bruke ein heil arbeidsdag på tek no berre nokre minutt. Med spart tid kan ein behandle fleire pasientar.

Ove Fremsæter og Christoffer Lervåg på Sjukehuset i Ålesund

Ove Fremsæter og Christoffer Lervåg med det nye programmet. Den kunstige intelligensen kartlegg CT-bilda ein ser på skjermen.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Framfor PC-en kan kreftlegane sitte i timevis og teikne hjarter, lunger og andre organ på CT-bilde, manuelt.

I programmet på PC-en kan ein skrolle seg gjennom hundrevis av CT-bilde, alle kartlagt nøye og for hand. Fram til no.

Med hjelp av kunstig intelligens kan kreftavdelinga bruke mindre tid på slike oppgåver.

– Ein tek over 100 unike bilde av kroppen i ei CT undersøking. Tidlegare har vi teikna kvart organ og kvar struktur manuelt. Ein kreftlege under opplæring kan bruke opp mot ein arbeidsdag på å teikne opp dette, seier Ove Fremsæter, som er stråleterapeut på sjukehuset i Ålesund.

Det nye programmet gjer at det kreftlegane kan bruke fleire timar på, blir gjort på nokre minutt.

– Korleis påverkar dette pasientane?

Pasientane blir ikkje direkte påverka i dag. Behandlinga dei fekk i går er like god som den dei får i morgon. Det er berre at vegen til målet er kortare, seier Nils Skottner som er seksjonsleiar på stråleterapien i Ålesund.

Nils Skottner

Nils Skottner med ei stråleterapimaskin dei nyttar i Ålesund.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Ein tsunami av nye pasientar

Overlege på kreftavdelinga, Cecilie Soma Nordstrand, har brukt mykje tid på å manuelt kartlegge organ på CT bilde.

Cecilie Soma Nordstrand

Cecilie Soma Nordstrand er overlege på kreftavdelinga. Målet med programmet er at ho skal få frigjort meir tid til å gjere andre ting for pasienten.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Det er mykje tid som blir spart ved hjelp av programmet. Vi er sjølvsagt i startgropa av prosjektet, men målet er at det skal betre kvaliteten og spare tid, som gjer at vi potensielt kan behandle fleire, seier overlegen.

Tida som blir spart gjer at kreftlegane kan bruke meir tid på å sette seg enda betre inn i kvar pasient si sak, behandle fleire, og utvikle ny behandling.

– Vi veit også at det kjem ein tsunami av nye pasientar, og dette er ein plan for å handtere ein del fleire pasientar. Så det er jo ein måte å førebu seg på eldrebølga, seier Nordstrand.

Utviklar seg vidare

Ålesund sjukehus i samarbeid med St. Olavs hospital i Trondheim er først i Noreg til å trene opp ein kunstig intelligens som blir brukt på denne måten.

Til no blir den kunstige intelligensen berre brukt klinisk for pasientar med kreft i venstre bryst. Men det er ikkje noko som stoppar den frå å bli utvida til bruk på andre former for kreft.

Ove Fremsæter og Christoffer Lervåg, sjukehuset i Ålesund

Medisinsk fysikar Christoffer Lervåg viser korleis strålinga kjem til å treffe pasienten på eit oppteikna CT-bilde.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Det som verkeleg er spennande er moglegheitene som opnar seg når denne teknologien no er på plass. I framtida kan vi kanskje skreddarsy behandlinga kvar einaste dag, redusere biverknadar og auke effekten av strålebehandlinga, seier medisinsk fysikar Christoffer Lervåg.

Dei held no på å tilpasse den kunstige intelligensen til å fungere også på høgre bryst og utvikle ein liknande intelligens for pasientar med prostatakreft.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL