Mange fekk seg ei overrasking då dei oppdaga at det «berre» er sett av 200 millionar kroner til fylkes- og kommunedelingar i forslaget til statsbudsjett for 2023.
Det skal dekke kostnadene for dei tre fylka som skal delast: Viken, Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark, og skilsmissa i storkommunen Ålesund.
– Vi vil vurdere behovet for bevillingar i seinare års budsjett om det skulle vere nødvendig, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik til NRK.
Manglar 600 millionar kroner
Ein gjennomgang Dagbladet har gjort viser at kommunane og fylka vil søke om over 800 millionar kroner totalt:
- Ålesund kommune: 237 millionar kroner
- Viken fylkeskommune: 377 millionar kroner
- Vestfold og Telemark: 149 millionar kroner
- Troms og Finnmark: 75 millionar kroner
Det er over 600 millionar kroner meir enn det regjeringa har sett av i statsbudsjettet.
Vil dekke nødvendige kostnadar
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik har ikkje mottatt søknadane enno, og har derfor ikkje oversikt over kva beløpet faktisk blir.
– Når vi får søknadane vil vi gå gjennom dei, og sjå om dei er innretta etter dei kostnadane vi har sagt er aktuelle å dekke. Det er nødvendige kostnadar, seier Gjelsvik.
Prosjektleiing og organisering, tilpassingar av IKT-system og informasjon om delinga blir trekt fram som døme på det som reknast som nødvendig.
– Kan kommunane og fylka risikerer å sitte igjen med størsteparten av rekninga sjølve?
– Vi har vore tydeleg på at kostnadene skal vere nøkterne, og knytt til det som er absolutt nødvendig i delingsprosessen. Utgifter ein kan unngå, blir ikkje kompensert, seier Gjelsvik.
– Kommunaldepartementet vil også undersøke kvifor fylka har så sprikande overslag og gå i dialog med partane for å sikre likebehandling, seier Sigbjørn Gjelsvik
Foto: Kristoffer Steffensen Lenes / NRKVil bruke meir enn heile potten aleine
Under valkampen lova både Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik i Senterpartiet at staten skulle betale for deling av tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar.
Det var føresetnaden for at politikarane i Ålesund sa ja til å splitte storkommunen, og til at Haram igjen bli ein eigen kommune. No er ordføraren redd dei går på ein smell.
– Når regjeringa vil ha ein politikk, då må dei betale for det. No er det usikkert og utrygt, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund (Ap).
Anslaga viser at det vil koste meir å dele Ålesund kommune i to, enn heile beløpet som er sett av på statsbudsjettet til fylkes- og kommunedelingar. Kommunen vil søke om 237 millionar kroner til å dekke utgiftene til skilsmissa.
– Det er krise med store bokstavar. Vi har gått gjennom store omstillingar og har knapt nok kapasitet til å drifte Ålesund i dag. Her er det høg risiko for at det ikkje går i hop, seier ordføraren.
– Eit kvart prosjekt med så stor risiko for underfinansiering, vil jo ha blitt stoppa umiddelbart. Dette går berre ikkje i hop, seier Aurdal. Kva kommunen skal gjere, vil vere tema på formannskapsmøtet neste veke.
Foto: Remi Sagen / NRKReknar med å få pengane
Tidlegare fylkesvaraordførar i Vestfold og Telemark, Sven Tore Løkslid, er no leiar i Hovudutval for Nye Telemark som førebur deling av fylket. Dei har ikkje sendt den formelle søknaden om pengar til departementet enno, men vil søke om 149 millionar kroner.
Løkslid reknar med at dei får desse pengane over statsbudsjettet.
– Når Stortinget og regjeringa opna for å dele, så var det sjølvsagt at det ikkje skal gå ut over tenestetilbodet som den nye fylkeskommunen skal levere til innbyggarane.
Sven Tore Løkslid er optimistisk før søknadsprosessen startar.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKSlik er det også i Viken. Fylkesråd for finans, Edvin Søvik, har tidlegare sagt til NRK at fylkesrådet forventar at regjeringa dekker det oppløysninga kostar.
– Eg synest regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er ein god start. Så forventar eg at regjeringa gir det vi har behov for når vi har sendt søknaden til departementet.
Fylkesrådsleiar i Troms og Finnmark, Kristina Torbergsen (Ap), forventar at det kjem meir pengar når regjeringa ser kva som er behovet.
Foto: Troms og Finnmark fylkeskommuneIngen forventningar om lykkeleg skilsmisse
I Troms og Finnmark er opposisjonen oppgitt over at totalpotten i år berre er 200 millionar kroner. Fylkespolitikar for Høgre i Troms og Finnmark, Jo Inge Hesjevik, meiner dei allereie er i gang med å betale for valløftet til finansminister Vedum.
– Det som bekymrar meg mest, er at Vedum har lovd ei lykkeleg skilsmisse. I dette låg det eit løfte om at Troms og Finnmark skulle få meir pengar fordi det er kostnader ved å vere små fylkeskommunar. Eg har ingen forventningar om at disse kjem, og det vil smerte meir enn sjølve oppløysninga.
Fylkesrådsleiar i Troms og Finnmark, Kristina Torbergsen (Ap), tek nyhenda med fatning. Ho ventar at regjeringa kjem med justerte summar når dei har fått inn alle søknadane og ser omfanget.
– Vi skal gjere det på ein så billeg og god måte som vi kan. Då forventar eg at søknaden blir behandla seriøst og at vi får pengane vi treng for å dele opp fylket, seier Torbergsen.