Hopp til innhold

Akademiet vil utvide i fylket

Akademiet vidaregåande skule ber om godkjenning for inntil tusen elevar fordelt på Ålesund og Molde.

Akademiet vidaregåande skole ber om godkjenning for inntil tusen elevar fordelt på Ålesund og Molde.

Akademiet vil vekse i Møre og Romsdal.

Akademiet vidaregåande skole i Ålesund og Molde vil utvide og planlegg nye tilbod. Får dei klarsignal frå fylket kan den private skulen ha nærare 1000 elevar i Møre og Romsdal i 2016. Dei ønskjer å utvide det som låg i den opphavlege søknaden frå 2002.

– Vi vil tilby toppidrett, reiseliv og dans, drama og spesielt musikklinje. I tillegg vil vi utvide dei linjene vi allereie har som er studiespesialiserande, media og kommunikasjon og service og samferdsel, seier dagleg leiar Jan Ove Otterlei ved Akademiet VGS Ålesund AS.

Jan Ove Otterlei

Jan Ove Otterlei er dagleg leiar ved Akademiet i Ålesund.

Foto: Besnik Zogaj

Sidan starten i august 2005 har aktiviteten og elevtalet ved Akademiet auka gradvis. Den private vidaregåande skulen planar om å utvide med bortimot 350 nye elevplassar totalt i Molde og Ålesund.

I Molde vil dei tilby toppidrettsgymnas over tre år, som på same tid gir studiekompetanse. På Molde vidaregåande skole får ein studiekompetanse i løpet av fire år når ein går i toppidrettsklasse.

Fleire elevar – fleire lærarar

No er det om lag 300 elevar ved Akademiet i Ålesund. Blir flokken større trengst det også fleire til å undervise.

– Eg vil tru at det vil by på fleire lærarar innan mitt fagfelt, som vil gi betre samarbeid innan realfaga, seier lærar Martine Vad Almankaas.

Akademiet har utvida ved tre anledningar dei siste åra. No vil dei til med enda ei utviding. Spørsmålet er om elevgrunnlaget i fylket er stort nok for enda ei utviding.

– Den utvidinga vi snakka om no ligg to år framover i tid. Ungdomsskulane veks og regionane her har behov for private tilbod, avsluttar Otterlei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL