Hopp til innhold

AaFK klare for Nederland

Kampviljen er stor før returkampen som avgjer om AaFK får spele vidare i Europa.

Aalesund-jubel

AaFK-spelarane kunne juble etter 2-2-sigeren over AZ Alkmaar. Held måla når laga møtast igjen i Nederland torsdag?

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

To dagar før avspark i Alkmaar gjer AaFK siste førebuingane på heimebane.
2-1 sigeren over nederlendarane smakte godt, og no er laget heiltent framfor returoppgjeret torsdag.

Fredrik Carlesen har oppskrifta klar for korleis dei skal klare å slå AZ Alkmaar ein gong til.

- Førsteprioritet er å stenge bakover, så må vi prøve å få eit bortemål.

Til Nederland med overtak

Etter sigeren over AZ Alkmaar på heimebane har AaFK har gode moglegheiter til å nå gruppespelet i europaligaen. Dei to måla gjer at AaFK reiser til returoppgjeret i 4. kvalifiseringsrunde i Nederland med eit lite overtak.

Les:

- Vi må ikkje sleppe inn mål tidleg og la Alkmaar få kontroll over kampen. Klarer vi å halde unna bra i starten og frustrere dei, kan vi byrje å angripe, seier Amund Skiri.

Video AaFK klare for Nederland

VIDEO: AaFK førebur seg på returkampen mot AZ Alkmaar

AaFK har hatt eit tett kampprogram siste tida, med både europaligakvalifisering og seriespel. Michael Barrantes har vore AaFK sin store mann gjennom fleire kampar, difor hadde både han og andre slitne nøkkelspelarar fri under dagens trening. Men i morgon ettermiddag er alle med når grasmatta i Alkmaar skal testast ut, også Barrantes og Demar Philips.

- Dei er viktige spelarar for oss, men for at dei skal fungere må resten av laget fungere, seier AaFK sin assistenttrenar Kent Bergersen.

- No får dei kvile seg i dag, så får vi håpe at dei er fullt restituerte til torsdag. Dette er spelarar med internasjonal erfaring som betyr mykje for oss i slike kampar.

- Gedigen prestasjon

Kent Bergersen

Assistenttrenar Kent Bergersen skal leie AaFK også i returkampen mot AZ Alkmaar

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Demar Phillips

Demar Phillipskan verte ein viktig spelar for AaFK i returkampen mot AZ Alkmaar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Under søndagens elitemøte mot Strømsgodset berga Demar Phillips eitt poeng for Aafk på overtid. Også i det komande storoppgjeret i Nederland kan han verte eit trumfkort.

- Det kjem til å verte ein tøff kamp. Vi må berre fokusere på oppgåva som ligg framfor oss, og spele lurt, seier han.

Assistenttrenar Kent Bergersen må leie sunnmørslaget i den viktige europacup-kampen fordi trenar Kjetil Rekdal står over av private årsaker.

- Det er kjedeleg at Kjetil er i den situasjonen han er i. Vi skulle gjerne hatt han med, men vi har full forståing for at han må prioritere som han gjer. Vi får prøve å løyse dette saman og håpe på at det går bra.

- Du er ikkje nervøs?

- Nei, eg føler at dette er ein vinn-vinn kamp for oss. Vi slo dei heime og har gjort det bra. Skulle vi klare dette hadde det vore ein gedigen prestasjon, så vi har alt å vinne.