Hopp til innhold

AaFK klar for gras

AaFK har hatt suksess på kunstgras. I dag var det trening på ei humpete naturgrasbane.

AaFK trenar på naturgras

AaFK på naturgras måndag

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK har tatt 13 av 15 mulege poeng på kunstgras på dei fem første kampane i år. No ventar naturgrasbane i Haugesund onsdag denne veka.

Overgangen frå kunstgras til naturgras var stor då spelarane måndag føremiddag trena på grasbana på Valdervoll i Giske kommune.

Lagkaptein Johan Arneng seier til NRK at det vert ein heilt annan og uvant sprett på ballen, så det er godt å få eit par økter på grasbana før bortekampen mot nyopprykka Haugesund.

Har mislikt kunstgras

Tor Hogne Aarøy

Tor Hogne Aarøy

Foto: Arne Flatin / NRK

Toppscorar Tor Hogne Aarøy har vore ein erklært motstandar av kunstgras, men har lært seg å spele på dette underlaget. No merkar han at det er uvant med naturgras.

- Ei tung grasmatte sug krefter frå spelarane på ein heilt annan måte enn ei strøken kunstgrasmatte, seier Aarøy.

God statistikk på naturgras

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal

Foto: Arne Flatin / NRK

Trenar Kjetil Rekdal seier AaFK har statistikken på si side. I fjor tok AaFK alle bortepoenga sine på naturgras og han er difor ikkje redd for at oransjetrøyene skal mislukkast mot Haugesund på onsdag, i alle fall ikkje på grunn av underlaget.

Demar Phillips som stod over mot Viking på grunn av karantene er truleg også uaktuell til kampen denne veke på grunn av ein skade han fekk på trening sist veke.

Nett-TV: Må trene før møtet med Haugesund

Video AAFK trener på gress før møtet med Haugesund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL