Hopp til innhold

A-ha tar 4000 kroner for billett til intimkonsert

A-ha held eksklusiv intimkonsert på Giske på Sunnmøre i sommar. Billettane vart utselde på 30 minutt til trass for den stive prisen.

A-HA

I juni kjem A-ha til Sunnmøre, der dei skal halde to akustiske intimkonsertar.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I juni kjem det verdskjende bandet A-ha til den vesle øya Giske, der dei har booka plass ved Ocean Sound Recordings i to veker. Samstundes held dei to akustiske intimkonsertar med plass til 250 publikummarar per førestilling. Prisen for ein billett er 4000 kroner, der skyss til øya, omvising og fest etterpå er inkludert. For konsert begge kveldane kostar det 6000 kroner. Måndag vart billettane lagt ut for sal.

– Vi ser at folk frå heile verda har kjøpt billettar og dei gjekk unna på ein halvtime, seier studiosjef Terje Erstad.

Eineståande konsert

Prisen har dei fått lite tilbakemeldingar på, sjølv om enkelte fans skriv på facebooksidene til A-ha at dei synest det er dyrt.

– Dette er ein konsert som A-ha aldri har gjort før og aldri kjem til å gjere igjen. Det skulle berre mangle at det kostar meir enn ein vanleg konsert, seier Erstad.

Dei som har kjøpt billettar kjem blant anna frå USA, Brasil, Tyskland og Japan. Berre eit fåtal av billettane er det sunnmøringar som har kjøpt. Erstad synest det er stas at det kjem lokale folk, men han trur målgruppa er folk ute i den store verda.

Dei som har kjøpt billettar får ikkje ta med seg mobilar eller kamera inn på konserten. Konserten vert filma og skal bli ein del av ein dokumentarfilm, opplyser Erstad.

Ocean Sound Recordings på Giske

I dette lydstudioet på Giske skal A-ha vere i sommar.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Høge kostnader

Manager for A-ha, Harald Wiik, seier at dette er dei mest intime konsertane bandet nokon sinne har gjort og det er første gang dei gjer ein heilt akustisk konsert.

– Eg har full forståing for at 4000 kroner kan verke mykje for ein billett, men det blir svært høge kostnader per person når ein skal gjere ein såpass stor produksjon for ei så lita gruppe mennesker, seier Wiik. Han håper at folk føler at dei får valuta for pengane, sidan prisen også inkluderer transport, matservering og etterfest.

Det blir også høve til å sjå denne førestillinga i Oslo Spektrum neste år for ein langt rimeligare sum. A-ha har planlagt ei rekkje akustiske konsertar i januar og februar i 2018. Desse føregår i Tyskland, Sveits, England og Noreg.