Redningsmann
Det seier redningsmann Even Nygård etter dødsulukka i Geiranger i går. Eit følgje på ni padlarar blei råka av steinras, ei tysk kvinne døydde etter at ho blei treft av ein stein.
Kloss inntil
Redningsmann Even Nygård var med på å få den omkomne kvinna opp frå sjøen ved Matvika i Geiranger i går ettermiddag. Berre timar seinare såg han nye turistar som låg kloss inntil dei stupbratte fjellveggane for å fiske. Han meiner det må gjevast mykje betre informasjon om farane med å opphalde seg nær fjellsidene.
Utleigefirma
Det er flere firma som leiger ut kajakkar i Geiranger, men tyskarane som var innblanda i ulykka var på privat, uoragnisert tur. Dei lokale utleigarane hevdar dei alltid åtvarar turistar mot å padle for nær fjellsidene, sier lensmann Jens Arne Hessegjerde
Har ordre
Reiselivssjef i Geiranger, Geir Gjærde, meiner dei gir god nok informasjon om farlege fjell og fjordar til turistane. Han seier at dei som driv med utleige av kajakk har ordre om å åtvare turistane mot steinsprang nær fjellsidene.