NRK Meny

– Vil ha ny bru no

Bygdefolket på Nerlandsøya i Herøy er lei av å vente og vil ha ny bru snarast råd. Margunn Sjåstad, leiar i Nerlandsøy grendelag, seier brua er viktig for tilflyttinga til øya. – Vi er avhengig av transport over brua for å bygge hus. I tillegg er brua i dårleg forfatning og vi fryktar at det kan skje ulykker, seier ho. Administrasjonen i Fylkeskommunen går inn for alternativet som skal sikre bru i løpet av fem år. No håper bygdefolket at politikarane gjer det same. Saka skal opp i samferdselsutvalet i onsdag.

Margunn Sjåstad
Foto: Arne Flatin / NRK