Hopp til innhold

– Vi styrer mot Robek

KrF-politikar Knut Støbakk seier han er frustrert over at fleirtalet i fylkestinget skyv upopulære kutt framfor seg. Mellom anna ville ikkje fylkestinget redusere rabatten for å dekke meirkostnadene på dei nye ferjeanboda då saka blei behandla i dag. Støbakk trur fylkeskommunen styrer mot Robek-lista som inneber å bli sett under statleg kontroll med økonomien. Men fleire fylkespolitikarar meiner det er urimeleg at brukarane skal dekke heile meirkostnaden.

Knut Støbakk
Foto: Trond Vestre / NRK