Hopp til innhold

– Vi er dårlege på å prioritere fritid

– Det er ei gulrot å kunne ta ut litt avløysing med nokre fridagar og vere i lag med kjerring og ungar. Det seier den unge bonden Anders Orset som fryktar at avløysarordninga kan vere truga når Regjeringa vil avvikle avløysartilskotet.

Anders Orset i fjøset

Anders Orset er glad i å jobbe og vere saman med dyra, men også han treng fritid som ikkje er lett å prioritere.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Anders og kona Elisabeth og borna på garden Oppistua i Torvikbukt i Gjemnes unner seg ei frihelg i blant, og kvar sommar ei heil veke ferie. Det kan han takka vere avløysartilskotet som gjer at han kan leige inn avløysar og sjølv få seg nokre stunder utan det store ansvaret med dyra og garden.

Tøft å prioritere fritida

Anders brukar ordninga jamt og trutt med ungdomar frå nabogarden som avløysarar. Ungdomane er etter kvart blitt vaksne og gjer ein god jobb med å drifte garden medan han tek fri.

– Det er jamt trykk heile tida og derfor vanskeleg å prioritere fritida, seier Anders.

Men å kunne ta desse fridagane er viktig for han.

– Eg likar å arbeide og kunne ha gått her meir, men ungar og kjerring set stor pris på at vi får nokre dagar fri. Da er det godt å reise bort og kunne gjere noko heilt anna enn kvardagen. Å koma seg frå garden er viktig både for familieliv og for samliv med partnar.

Vil avvikle ordninga

Men i Jordbruksmeldinga som Regjeringa la fram fredag, blir det foreslått å avvikle avløysartilskot ved ferie og fritid. Tilskotet til dokumenterte utgifter til avløysing er i dag på maks 74.500 kroner. Samla til norske bønder utgjer det nesten 1,2 milliardar kroner.

Dette er pengar som Regjeringa heller vil omfordele og leggje på andre ordningar, slik at bonden sjølv får fridom til å disponere ein større del av inntekta som kjem gjennom subsidiar.

Anders Orset

Anders meiner vi må behalde ei velferdsordning som fungerer godt

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Anders Orset syns ikkje det er nokon god ide å avvikle avløysartilskotet og putte det inn i ein samlepott av andre tilskot.

– Eg har fått med meg at dei prøver å bake det inn i andre tilskotsordningar. For gardbrukaren er dette dårleg for vi er ikkje flinke til å prioritere ferie og fritid sjølv. Det er enklare å bruke det på andre ting og for mange av oss blir fritida prioritert bort.

Anders fryktar det vil få alvorlege konsekvensar om bøndene i staden for å bruke pengane på ferie og fritid, brukar dei på å betale ned lån eller andre viktige investeringar på garden.

– Da får vi meir utbrende gardbrukarar. Dei blir meir slitne og det kan føre til meir skader og ulukker. Familieliv kan det også bli dårlegare med, seier Anders som syns det er viktig å ha eit godt liv med kjerring og ungar- å ha nokon å kome saman med når du er ferdig med arbeidet.

Kan skade rekrutteringa

Han trur også at svekking av velferdsordningar som avløysartilskot, kan hindre rekruttering til landbruket.

Når vi ser på andre yrkesgrupper rundt oss, så er det ofte annakvar helg fri eller oftare, medan vi jobbar både dag og natt og helg. Det er veldig viktig for den oppvaksne generasjonen å ha moglegheitene til å ta noko fri og vere med på sosial aktivitetar, slik andre yrkesgrupper har, seier Anders Orset.

Bonde Anders Orset

Her på garden Oppistua trivst Anders Orset, men det er godt å kunne reise vekk og ha litt fritid med familien.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK