Hopp til innhold

Bruk vernebriller i kveld

Bruk vernebriller når du skyt opp rakettar i kveld.

Brødre med briller

Stian Kvammen Hattvik og Thomas Kvammen Hattvik synest det er kult med vernebriller.

Foto: Maria Holand Tøsse

Det skjer mange augeskadar på nyttårsaftan. Det er hornhinnene det som oftast går hardast utover når ein får fyrverkeri på auga.

Dersom uhellet først er ute bør du kome deg til legevakta med ein gong.

– I tillegg er det ein naturleg reaksjon at ein lukkar auga, det skal ein berre gjere. Då hindrar ein infeksjonar å kome inn på såret, seier Thorkild Nelvik.

Bruker vernebriller

Optiker Thorkild Nelvik

Optikar Thorkild Nelvik viser fram ein litt annleis type vernebrille.

Foto: Maria Holand Tøsse

Brørne Thomas og Stian har alltid på seg vernebriller, sjølv om dei berre står og ser på at dei vaksne skyt opp fyrverkeri.

– Vi gjer det kvart år. Vi har til og med ein stor plastikkpose som er full av briller, seier storebror Thomas Kvammen Hattvik.

Brørne deler gjerne brillene med andre born i nabolaget.

– Kvart år tar vi vare på dei nye vernebrillene som vi får når vi kjøper fyrverkeri. Då kan alle som vil låne med oss, seier Stian Kvammen Hattvik.

Bruker vanlege briller

Posen full

For dette paret blir kvardagsbrillene beskyttelse mot rakettane i kveld.

Foto: Maria Holand Tøsse

Elisabeth Rasmussen og Bernt Frode Kaldhol har kjøpt inn fyrverkeri på utslaget på Color Line Stadion.

– Vi har kjøpt nokre lys, batteri og stjerneskot med fargar, seier Kaldhol.

Når det skal fyre opp dette seinare i kveld, er dei beskytta.

– Vi bruker vanlege briller. Ein må passe på auga sine. Heldigvis har vi aldri vore vitne til augeskadar på nyttårsaftan, seier Rasmussen.

Alkohol+rakettar = Ikkje bra

Gir ut vernebriller

Bjarte Rørvik sel fyrverkeri på Svea-utsalet ved Color Line Stadion. Han legg og ved eit par gratis vernebriller til kundane.

Foto: Maria Holand Tøsse

Tilbake på Spechsavers i Ålesund fortel optikar Thorkild Nelvik at alkohol er ei stor utfordring på nyttårsaftan.

– Alkohol og rakettar er lite heldig kombinasjon. Det er og 18-års aldersgrense på både alkohol og fyrverkeri, men vi må ikkje vere naive. Difor bør foreldre unngå å sende med dei under 18 fyrverkeri.

Eit siste råd frå ein optikar som har sett mange augeskjebner etter ein nyttårsaftan:

– Ha ein fin feiring i kveld, og for all del hugs å bruk vernebriller når de skyt opp rakettar, avsluttar Nelvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL