Hopp til innhold

– Vassbombing er inga lettvint løysing

RAUMA/ÅLESUND (NRK): NVE har fått i oppdrag frå Rauma kommune å finne ut om skredet kan løysast ut dersom det ikkje skjer av seg sjølv snart. Men NVE er uroa for å bruke vassbombing.

Mannen

I dag har Mannen eit lite lag med snø på seg. Det kalde veret har stabilisert rørslene i fjellet.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Skredet av eit fjellparti ved Mannen i Rauma let vente på seg. Tysdag trudde geologane at steinskredet ville kome i løpet av kvelden, men ingenting skjedde. Fjellet er overvaka med radar og avanserte måleinstrument og for tre veker sidan slo geologane alarm fordi dei såg urovekkjande store rørsler i fjellet.

Kari Øvrelid, regionsjef i NVE

Kari Øvrelid er regionsjef i NVE og seier at vassbombing ikkje er ei lettvint løysing.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Førre veke vart 11 bebuarar i området evakuerte og dei får ikkje flytte heim så lenge rasfaren er så stor. Også jarnbana i Rauma er stengt og det er forbode å opphalde seg i området.

Mindre aktivitet

Nye målingar viser at det er framleis er rørsler i fjellet, men aktiviteten er ikkje like stor som den har vore tidlegare i veka.

Rauma kommune og politiet har gitt Norges vassdrags og energidirektorat i oppdrag å vurdere om det er mogleg å løyse ut skredet. Kari Øvrelid, regionsjef i NVE, er no i Rauma for å observere det som skjer.

– Vassbombing er mogleg, men vi skal vurdere om det er reelt å få det til, seier Øvrelid.

Aldri vore gjort før

Metoden skal aldri ha vore brukt i Noreg før for å løyse ut eit slikt skred. Det er også mange aspekt som må greiast ut. Både om det er fysisk mogleg å utføre vassbombinga, kvar vatnet skal hentast frå og kva konsekvensane blir. Ein veit ikkje om vatnet til dømes vil utløyse eit større skred og kven som er ansvarleg for det.

– Vassbombing er inga lettvint løysing. I utgangspunktet er vi uroa for val av denne løysinga, seier Øvrelid.

Ho kan ikkje seie noko om kor lang tid det går før NVE kjem med vurderingane. Dei har heller ikkje fått i oppdrag å vurdere om andre metodar kan brukast.

Direkte: Bilder fra fjellet Mannen.
Store nedbørsmengder kan utløyse snarleg skred frå Mannen. Politimeisteren har innført opphaldsforbod.
Folk trassar det kraftige regnveret og strøymer til Romsdalen frå fjern og nær i håp om å få oppleve raset frå Mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL