NRK Meny
Normal

– Dette er eit lite «pingleras»

RAUMA/ÅLESUND (NRK): Liv Jorunn Bårdsnes Horgheim som bur i nærleiken av fjellet «Mannen», tar det nært kommande raset med knusande ro.

Liv Jorunn Horgheim Mannen Rauma

Liv Jorunn Bårdsnes Horgheim er ikkje uroa for det store raset som kjem til å kome frå fjellet Mannen innan kort tid.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Heile presse-Noreg har auga retta mot fjellpartiet ved Mannen i Rauma, som snart kjem til å rase ut. Om lag 120 000 kubikk stein er venta rullande ned fjellsida. Målingar i natt viser at det aldri før har vore så store rørsler i fjellet som no, og geologane seier at det betyr at skredet snart kjem. 11 personar vart førre veke evakuert frå området og måndag sa politiet at det er forbode å opphalde seg ved fjellet.

Mannen

Er ikkje redd

Liv Jorunn Horgheim på rådhuset åndalsnes

Horgheim har følgt godt med på kva som skjer rundt Mannen-situasjonen. Tysdag drar ho litt tidlegare heim frå jobb for å følge med på utviklinga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

På andre sida av elva Rauma bur Liv Jorunn Bårdsnes Horgheim. Til trass for rasfaren har ho sove godt i natt. Geologar meiner at lyden av steinskredet vil høyrast og kjennast på lang avstand. Sivilforsvaret ligg i telt på Horgheim og har lyttepost. I natt høyrde dei at steinar ramla frå fjellet.

– Eg har ikkje høyrt noko steinsprang eller noko. Eg lyttar kvar natt, seier Horgheim. Ho er slett ikkje redd det komande raset.

LES OGSÅ:

Pingleras

Sjølv om raset som er venta, kan bli tre gongar større enn geologane først trudde, er ikkje dette noko som uroar Horgheim.

Handleliste på iphone Mannen Rauma Liv Jorunn Horgheim

Horgheim har fått handleliste frå dottera, som er heime på Horgheim. Mat er sjølvsagt viktig når ein skal følgje med på denne situasjonen. Men sjølve skredet tar ho ikkje så tungt.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Akkurat dette raset som er eit lite «pingleras» er ikkje noko farleg, men eg føler meg ikkje trygg for sjølve Mannen, seier ho.

Når fjellet Mannen rasar er det heilt anna scenario enn dagens skred. I framtida fryktar ein eit enormt fjellskred på 2–3 millionar kubikk. Truleg vil dette skredet krysse dalbotnen og dermed ramme både hus, jarnbane og Europavegen. Skredet vil også demme opp elva Rauma og skape flaum.

– Når sjølve Mannen kjem kan eg rekne med å bli huslaus, men det er mykje betre enn å gå under der og vente, seier Horgheim.

For hennar del kan sjølve Mannen også snart rase, slik at ho er ferdig med det.

Tenker på dei som bur der

Grethe Rødseth og Marit Scheide

Grethe Rødseth og Marit Scheide tenker på dei som er evakuerte.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Åndalsnes sentrum ventar Marit Skeide og Grete Rødset på skredet som er venta i kveld. Dei tenkjer på bebuarane som er evakuerte og håper for deira del at skredet snart kjem og at det gjer minst mogleg skade.

– Å vere i den situasjonen må vere heilt forferdeleg, seier Marit Skrede.

Grete Rødset seier at heile bygda no er spent på det som skal skje. Sjølv har ho ikkje tenkt seg opp i dalen for å få med seg skredet.

– Det er eit fjell og ingen veit kor stort skredet blir, seier Rødset.