– Tung stemning
Det er tung stemning blant dei tilsette hos møbelprodusenten Ekornes i Sykkylven. Det fortel hovudtillitsvald Edvard Lie etter at oppseiingane til 80 tilsette blei gitt i går.
Møbelprodusenten hadde ein oppsving i produksjonen under pandemien og tilsette mange nye medarbeidarar, men no har situasjonen snudd, seier Lie.
– Vi har sett at ordreinngangen har gått ned, så heilt overraskande var det ikkje. men det er likevel trist når så mange blir sagt opp, seier han.