Hopp til innhold

– Bør ha råd til både tog og veg

Forbrukarrådet møter motbør etter utspelet om at ein må prioritere togutbygging på Austlandet framføre vestlandsvegar i åra som kjem.

InterCity-tog på rødt lys

Forbrukarrådet meiner at Mørebenken reagerer på at Forbrukarrådet meiner InterCity-satsinga på Austlandet er viktigare enn vegutbygging på Vestlandet.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Det var i samband med ei høyring i Nasjonal Transportplan at det blei kjent at Forbrukarrådet og direktør Randi Flesland meiner ein bør prioritere InterCity og dei store togutbyggingane på Austlandet framfor eit ferjefritt E39 på Vestlandet.

Politikarar på Mørebenken har forståing for at folk treng utbygging i infrastrukturen på Austlandet. For i dag er det slik at folk opplever å måtte vente på eit tog som kjem seint og tog som ikkje kjem i det heile tatt.

Else-May Botten

Else-May Botten.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Likevel er der stor skepsis til at ein skal la vegutbygging på Vestlandet stå i andre rekke.

Else-May Botten, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, forstår ikkje kvifor Forbrukarrådet meiner fornøgde kundar er viktigare på Austlandet enn på Vestlandet.

– Vi forbrukarar på kysten treng vegar og kommunikasjon like mykje som dei på Austlandet. Verdiskapinga skjer jo her, seier Botten.

– Tåpeleg utsegn

Harald Tom Nesvik meiner det er eit fullstendig tåpeleg utsegn frå Forbrukarrådet.

Harald Nesvik

Harald Tom Nesvik.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eit land som no har 420 milliardar kroner investert i utlandet bør kunne sørgje for at vi både har råd til vegutbygging og anna infrastruktur.

Han legg til at Vestlandet er mellom dei største regionane når det gjeld verdiskapinga i Norge.

– Vi treng sikre og trygge vegar, og vegar for å få varene våre fram til ein marknad, seier Nesvik.

– Skivebom

Jenny Klinge meiner det er å skyte skivebom å seie at ein skal prioritere jernbane på Austlandet høgare enn vegar på Vestlandet.

– Det er absolutt viktig å satse på jernbane på Austlandet og i Osloregionen. Likevel er det viktig å prioritere dei pengane som finst til veg til Vestlandet, seier Klinge.

Jenny Klinge

Jenny Klinge

Foto: Bernt Sønvisen

Ho meiner og at folk på Austlandet generelt har eit problem med å forstå verdien av og nytta ved den verdiskapinga som skjer på Vestlandet.

– Regionen har jo trass alt eksportretta industri og næringar, i tillegg til landbruk osv. som legg grunnlaget for at vi har pengar til å satse på jernbane andre plassar i landet, seier Klinge.