Hopp til innhold

– Ta vare på dei rundt deg i påska

– Det skal ikkje mykje til for å endre kvardagen til dei som føler seg einsame i påska, seier Terri Senior i Møre og Romsdal Røde Kors.

Terri Senior

Terri Senior i Møre og Romsdal Røde Kors meiner vi må verte flinkare til å sjå dei rundt oss.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

For mange betyr påske tid med familie og vennar, difor kan slike høgtider vere ekstra såre for dei som er einsame.

Koordinator i Møre og Romsdal Røde Kors, Terri Senior, oppmodar folk til å vere flinkare til å ta vare på kvarandre.

– Vi unner folk å site og ete appelsiner i solveggen, det er ikkje det, men sjå rundt deg om der er folk som ikkje har det fullt så godt.

– Slå ev ein prat

Terri Senior seier det ikkje skal så mykje til for å glede andre. Ein kan for eksempel slå av ein prat med naboen eller besøke ein slektning det er lenge sidan ein har møtt.

– Ta ein telefon eller send ei melding, men ingenting slår det å snakke med kvarandre ansikt til ansikt.

Røde Kors har tidlegare utarbeidd byvettreglar, som er ein versjon av dei meir kjende fjellvettreglane. Desse reglane er tilpassa dei som nødvenbdigvis ikkje skal opphalde seg på fjellet saman med andre i påska.

Terri Senior meiner det er på tide å ta fram desse reglane igjen.

– Det er enkle reglar for korleis vi kan ta vare på kvarandre i påska.

Samtaletilbod

I tillegg til å oppmode andre til å ta vare på kvarandre, har Røde Kors eit samtaletilbod for born og unge som ikkje har så mange å snakke med.

Senior fortel at dei merkar ein auka pågang når påska nærmar seg.

– Mange er av ein eller annan grunn ikkje ein del av ein kjernefamilie og føler seg einsame. Dei føler seg rett og slett isolerte fordi dei ikkje tek del i det glansbiletet som er skapt av høgtidene.

– Mange av våre frivillege har mange års erfaring i nettopp det å snakke med born og unge.