Hopp til innhold

Aukande besøkstal: – Allemannsretten er på nokre måtar under press

Kven som skal ta rekninga for overturismen hos norske turistattraksjonar er framleis uvisst. – Allemannsretten er på nokre måtar under press, meiner SPOR Natur og Reiseliv.

Mange hundre turister går daglig opp sherpatrappa til Reinebringen i Lofoten.

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) erkjenner at det har vore jobba for lite heilskapleg med reiselivspolitikken. Det vil ho gjere noko med. Allemannsretten er på nokre måtar under press slik det er i dag, meiner Haaken Christensen i SPOR Natur og Reiseliv.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen

Ein kommune på 1.000 innbyggarar.

41.000 besøkande før høgsesongen har starta.

I Moskenes kommune i øygruppa Lofoten strøymer turistane i kjent stil til turistmagneten Reinebringen.

I fjor skulle Lofoten bli først ut som forsøkskanin for å få på plass det regjeringa kallar eit «besøksbidrag». På folkemunne kjent som «turistskatt».

Men det har ikkje skjedd endå.

Ordførar i Moskenes, Hanna Sverdrup, fortvilar over at folk renner opp fjellet samtidig som kommunen er konkurs.

– Vi ser det i heile Lofoten, det er ikkje berre rundt Reinebringen. Det er store bubilar, bussar med veg frå 60-talet utan midtstripe. Det får konsekvensar for utrykkingstrafikk.

Laurdag møtte ho næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) til debatt i Helgemorgen.

Hav røde rorbuer og mektige fjell i sol. Sett fra Hamnøya Reine Moskenes Lofoten.

Dei mektige fjella lokkar turistar frå heile landet, for å sjå nordlys og midnattssol. Her sett frå Hamnøya på Reine i Moskenes, Lofoten.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Auke på 54 prosent frå i fjor

Kommunen slit som følge av elendig økonomi. Det blir ikkje betre i møte med hundretusenar sommarturistar: Så langt i år har det vore 41.000 besøkande berre for Reinebringen.

Det er ein auke på 54 prosent frå i fjor.

– Reinebringen er ein fantastisk tur. Det er gjort tiltak, bygd steintrapp, eit kunstverk i seg sjølv. Men eg er redd det er så mange som går der at det ikkje blir ei oppleving for dei som går, seier ordføraren.

Hanna Sverdrup

Sverdrup viser til Portugal og Italia. Der har dei meistra kunsten å legge til rette, med folk som er sett inn til å seie kor turistar kan parkere og kor dei skal gå, meiner Sverdrup.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Allereie den første sommarveka i år blei trafikkrekorden på hovudvegen gjennom Lofoten slått. Og sjølv om turismen hankar inn fleire millionar kroner kvart år, blir presset for stort.

– Det er ganske heftig, seier Sverdrup.

Det er ikkje berre forsøpling som gir utfordringar. Pågangen fører også til mange redningsaksjonar.

Og Lofoten er langt frå åleine om aukande utfordringar som følge av masseturismen.

Trolltunga: Frå 800 til 90.000

Ein kan nemne fleire: Trolltunga i Ullensvang kommune, Besseggen i Vågå kommune, Torghatten i Brønnøy og Preikestolen i Strand kommune i Rogaland.

På Trolltunga, kor dei ventar 90.000 besøkande, har besøkstala eksplodert.

I løpet av ein periode på ti år har det vore ein auke frå 800 til 90.000 i 2018.

– Det var ein eksplosjon desse åra, seier Leiv Varberg.

Fjellvakt Leiv Varberg

Leiv Varberg har møtt alt frå munkar i slippers utan sokkar til damer i kjole og sandalar.

Foto: Åse Marie Evjen

Han jobbar som fjellvakt på Trolltunga. Han har møtt på damer som kjem i sandalar og kjole, og ein munk i slippersar utan sokkar.

– Du får jo ein slitasje i form av mykje vandring i fjellet. Det har vi jo heldigvis klart å demme opp for, seier Varberg då han gjestar Helgemorgen.

Her forklarar Varberg og fleire om den store turistauken.

Voldsom turistøkning bekymrer.

Næringsministeren og ordføraren i Moskenes møtte kvarandre til debatt i Helgemorgen i dag.

Raude Kors på fem oppdrag om dagen

På den andre enden sit redningsselskap og hjelpeorganisasjonar klare til å hjelpe dei som treng det.

– På lik linje som alle andre, så tenker vi oppdrag. Det er veldig mange oppdrag gjennom heile året.

Det seier leiar for landsråd Raude Kors Hjelpekorps, Jarle Bjørge Øverland.

Jarle Bjørge Øverland i Landsstyret Røde Kors Hjelpekorps

– Vi er berre ein av fleire frivillige organisasjonar som driv redning både på fjell, i vatn og i by. Vi må respondere på det som blir tildelt oss frå hovudredningssentralen, seier Øverland.

Foto: Privat

I gjennomsnitt er Raude Kors ute på fem oppdrag kvar dag.

– Eg tenker vi må ta det ansvaret med å opplyse om trygge vegval, sikre tips om kva måte ein kan ta turen så dei kjem seg heilt opp og ned, like heile og fine som dei var då dei starta.

– Allemannsretten under press

Dagleg leiar i SPOR Natur og Reiseliv, Haaken Christensen, skildrar situasjonen på toppen av Trolltunga som ein flyplass.

– Det er noko spanande ved å kome på flyplassar og høyre summinga av språk frå alle verdshjørne, slik er det på Trolltunga og ikkje minst Preikestolen.

Han skildrar ein marknadsføring ut av kontroll. Både sosiale medium og å vise fram Trolltunga som eit ikon på vinflasker og i butikkar har gjort toppen til eit viralt mål.

Mann på tur med hund.

– Det er fri ferdsel i Noreg, vi skal ta allemannsretten på alvor og sørge for at han blir tatt vare på. Då må vi legge til rette for at dei stadene som får mykje besøk, at dei toler det auka besøket.

Foto: privat

– Summen av dette gjorde at marknadsføringa kanskje kom litt ut av kontroll.

Derfrå skaut besøkstalet fart.

– Kan masseturismen få konsekvensar for allemannsretten?

– Allemannsretten er på nokre måtar under press. Men eg trur at viss vi blir betre på å investere i han og satse på auka evne til forvalting og fleire ressursar, og til å styre trafikken til dei stadene som toler trafikken, så trur eg vi kan ha allemannsretten i lang tid framover på den måten vi har i dag.

Og det var nettopp med omsyn til allemannsretten at forslaget om eit besøksbidrag tidlegare har møtt motstand frå samferdselsdepartementet.

Les også Spanske Iker positiv til turistskatt: – Allerede dyrt, så noen euro ekstra har lite å si

Iker Errasti

Bekymra for mindre natur og meir folk

Ingrunn Limstrand er leiar ved seksjon for friluftsliv i Miljødirektoratet.

– Bekymringa ligg i at det at når det kjem fleire folk, blir det auka slitasje på natur, press på sårbar natur.

Og då kjem det også krav til regulering, og kanskje stenging på enkelte plassar, som igjen utfordrar allemannsretten.

Les også 13 par ble viet på to timer på Trolltunga: – Veldig romantisk

Trolltunga fellesbilde og brudepar

– Bør ein vurdere å innskrenke retten på noko vis?

– Allemannsretten er jo heile fundamentet for friluftslivet i Noreg, det er veldig viktig at vi kan ferdast fritt, seier Limstrand og legg til:

– Vi har ein del restriksjonar knytt til verneområde når det er hekketid, men i utgangspunktet står allemannsretten sterkt og at vi skal ferdast fritt.

Næringsministeren: – Har jobba for lite heilskapleg

Næringsminister for Arbeidarpartiet, Cecilie Myrseth, rettar liten tvil om at Noreg har eit produkt som fleire og fleire vil ha.

Ho viser til det såkalla besøksbidraget, også kjent som turistskatten, kor regjeringa har som mål å sende ut på høyring til hausten.

Kvotemelding Cecilie Myrseth

Myrseth ser at kommunane med mange turistar har mykje å gjere når det gjeld infrastruktur.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Er tankegangen rundt masseturismen heilskapleg nok?

– Det er eit godt spørsmål. Eg trur at vi over tid har jobba for lite heilskapleg med reiselivspolitikken. Det har vore for stykkevis og delt. Mange plassar trur eg kommunar har opplevd å stå litt aleine når det kjem til høgt trykk.

– Så mitt mål som næringsminister er å ta tak i det på ein skikkeleg måte og få til det gode samspelet og dialogen, avsluttar Myrseth.