– Rart at folk ikkje lærer

Ron Holan var ute for å fotografere «Dagmars» herjingar ved Atlanterhavsvegen då han oppdaga familien som leika med livet heilt på kanten av svaberga. – Hald avstand til sjøen, åtvarar politiet.

Ron Holan tok turen frå hytta på Oppdal til Atlanterhavsvegen i dag for å sjå på uveret, og skadane etter «Dagmar». Mange skodelystne hadde samla seg i området.

– Men dei aller fleste sat trygt på land i bilane sine, sa Holan.

Tok på hjelm

Ron Holan

TURIST: Ron Holan er på ferie på Oppdal, men tok ei runde til Møre og Romsdal for å sjå Dagmars herjingar.

Foto: Privat

Ron Holan sjølv gjekk ut av bilen for å kome nærare bølgjene.

– Men eg tok på hjelm og refleksvest, og passa heile tida på kvar eg stod. Dersom eg skulle bli skylt på sjøen ville eg ikkje bli dratt rett til havs, men hamna i ein kulp, forsikrar han.

Men så fekk han auge på ein familie som ikkje var like forsiktige.

– Dei gjekk heilt ut på kanten av svaberga. Først såg eg ikkje at dei hadde med seg ein unge, men tenkte likevel at det var galskap. Då eg oppdaga at dei hadde med seg ein liten unge som vart redda ut av bølgjene i siste liten, vart eg heilt skaka, fortel han.

Operasjonsleiar Jan Inge Bugge

ÅTVARAR: Operasjonsleiar Jan Inge Bugge i Nordmøre og Romsdal politidistrikt ber folk halde avstand til sjøen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Og politiet i Nordmøre og Romsdal ber folk vere forsiktige med å utfordre naturkreftene på denne måten.

– Eg har sett enkelte bilder siste tida der enkelte trekker grensa litt for langt. Eg vil gjerne oppmode folk om å halde seg på sikrare avstand til havet, seier operasjonsleiar Jan Inge Bugge til NRK.

Fleire ulykker

Fotografen, Ron Holan, meiner det er utruleg at folk ikkje lærer, spesielt sidan det har vore fleire ulykker med folk som har hamna i sjøen siste tida.

– Utifrå det eg veit om bølgjer og det vêret vi har no, så var det veldig rart at dei gjekk så nært sjøen, Vi har ulykka med dei to jentene i Kristiansund, og filmcrewet som hamna i sjøen ved Egersund.

Les:

Ron Holan håper andre kan lære av bilda han har tatt.

– Sjølv om vi er turistar, så treng vi ikkje gå så langt for å få med oss det ekstreme, seier han.