Hopp til innhold

– Sentralen må vere i Kristiansund

Nordmøre regionråd, ORKide, bed regjeringa om å stadfeste vedtaket om at løns- og reknskapssentralen til politiet skal vere i Kristiansund. Regjeringa gjorde Kristiansund til vertskommune for sentralen i februar i år, men dei siste vekene er det skapt uvisse kring dette. Arbeidsoppgåvene ved sentralen må vere i tråd med kompetansen som er rekruttert til sentralen, heiter det i ei fråsegn frå regionrådet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL