Hopp til innhold

– Du store alpakka, her kjem orkanen «Tor»

Ein heil alpakka-familie måtte reddast i hus på Hakallegarden midt i dei verste orkanbyene fredag kveld. Dette skjedde medan regnet piska og orkanen dundra i stummande mørkre.

Dei skulle vere ute i innhegninga den kvelden. Men under orkanen Tor blei dette umogleg.

Sjå videoen med dei fantastisk flotte dyra. Legg spesielt merke til gjensynsgleda.

Dei som eig Hakallegarden hadde eigentleg sikra dyra godt, festa lause gjenstandar og budd seg etter alle kunstens reglar. Men dei fire robuste, vaksne alpakkaane skulle få vere i den lune lavvoen i uteområdet også denne natta.

Men Hakallegarden ligg på Hakallestranda i Vanylven kommune, rett ved det opne Stadhavet. Ekstremveret «Tor» slo til fort når han først kom. Og i dette området var vinden på sitt aller sterkaste. På Kråkenes fyr, ikkje langt unna, blei det sett ny vindrekord på 48,9 meter i sekundet.

– Vi hadde førebudd oss godt. Dyra som trengte det var plassert i fjøsen og grindløa, og alle hadde fått mat og godt stell. Alpakkaane er robuste og tanken var at dei hadde det best med å vere i vante omgjevnader. Men ein veit aldri kor sterk ein slik vind bli og kvar han blir sterkast, seier bonde og turistvert Aina Molskred Krakset.

Hakallegarden

Stofflavvo og Vestlandet er dårleg match, seier Aina Mordskred Krakset. Det var den blafrande duken som utgjorde den største faren, seier ho.

Foto: Aina Molskred Krakset

– Redde og forskremde

Ekstremvêret Tor tok straumen. Fredag kveld var det stummande mørkt mens vinden dundra. Ein snikkar frykta for kva som kunne skje med eit bygg på garden, og var den som oppdaga dei fire skremde alpakkaane.

– Vi fann alpakkaane under restane av lavvoen. Der låg dei redde og forskremde. Det var heilt mørkt. Det fanst ikkje lys. Dei lurte nok på kva som skjedde.

Det var duken frå lavvoen Krakset frykta mest. Duken blafra og gav frå seg kraftige slag. Ho var redd for at duken skulle skade både menneske og dyr.

– Gjeta dei til løa i orkan og stummande mørke

I kaoset var det dermed umogleg å ha dyra i den øydelagde lavvoen. Dei måtte under tak. Løysinga var å gjete dei i stummande mørkre til grindløda der andre dyr var blitt plasserte i påvente av orkanen. Alpakkaane brukar ikkje å ha på grime, så det var umogleg å tøyle dei. Lyden frå fórboksa brukar å vere nok til å lokke dei med seg. Men denne gongen overdøyvde vinden all lyd.

– Det bles og det var mørkt. Og dyra skulle inn ei dør til eit bygg dei ikkje kjenner. Det var slett ikkje lett å få dei på rett spor. Dei er vanedyr, og sprang først i den retninga dei brukar når vi hentar dei. Så ville dei ned til fjøsen, men der var døra stengt. Så dei sprang litt ukontrollert rundt ei stund seier Krakset.

Men heilt framme ved døra til grindløda oppdaga alpakkaane kjende artsfrendar. For ungane til alpakkaane hadde allereie fått plass i løa. Dei skulle vere vekke frå mødrene sine for å bli avvende frå morsmjølk. Gjensynsgleda gjorde det lettare å få alpakkaane inn.

– Ja, alt gjekk mykje lettare då dei fann att ungane sine. Då høyrde vi godlydane frå dei med ein gong, seier Krakset.

– Vestlandet og stoff-lavvo er dårleg match

Inne i grindløda har alpakkaane no fått godt med for, og har fått grinder dei kan stå i når det trengst.

– No skal vi tenkje ut ein betre måte å gje dei tak over hovudet på. Stoff-lavvo og Vestlandet er dårleg match, seier gardkjerringa og turistverten.

Hakallegarden er eit småbruk på Hakallestranda. Her har familien Krakset bygt opp ein besøksgard. Mange kjenner garden frå Barne-TV-serien Marit og dyra.

Norsk dokumentarserie. (1:8) Bursdag med gips.
Marit bur på ein gard med mange dyr og mykje styr! Nyleg vart ho kasta av hesten, så ho braut armen. Det skjedde rett før seks-årsdagen, som ho har gleda seg til lenge. Marit har mykje ho skal ordne før bursdagsselskapet, men med armen i gips blir det litt av eit strev.

Sjå heile serien om Marit og dyra her.