Frå dei høge Andesfjella til låglandet i Ringsaker.
– Her i Innlandet er det spesielt fint for alpakkaen. Det er lite regn, som gir lite parasittar, og dei toler både varme somrar og kalde vintrar veldig godt, seier alpakkabonde Ole Erik Sjøli.
SJEKKAR KVALITET: Sjøli er i gang med å førebu alpakkaull, eller fiber som dei kallar det i bransjen, til utstilling. Han ser nøye etter om fiberen er like lang overalt, og fjernar det som er for dårleg kvalitet.
Foto: Knut Røsrud / NRKSidan alpakkaen toler å leve tre tusen meter over havet, har ulla også den fordelen å vere endå betre isolerande enn saueull.
Men dersom du vil sikre deg garnnøste frå norsk alpakka i det neste strikkeprosjektet ditt, må du leite litt.
Dei store aktørane held igjen
Dei fleste garnnøsta i ein vanleg handverksbutikk nyttar seg nemleg ikkje av norsk alpakka, men alpakka frå Peru.
– Det er dessverre ingen norske garnprodusentar som kjøper norsk alpakkaull, seier Audny Stenbråten, leiar i den norske alpakkaforeininga.
ALTFOR BRA ULL: Med liten bestand og god standard på oppdrett, blir det dyrare med fiber frå Noreg enn Peru.
Foto: Knut Røsrud / NRKHo fortel at mange av dei som har alpakkaoppdrett leier tenestene til norske spinneri og får tilbake garn som dei sel direkte til kundar.
– Dei store aktørane er ikkje interesserte når dei kan kjøpe mykje billigare frå Peru, seier leiaren.
Ho håpar likevel at interessa skal bli større. Alpakkaen er nemleg eit relativt nytt dyr i Noreg. Ifølgje foreininga er det berre mellom 3300 og 3500 dyr i landet, og det var først i 2004 at dei første oppdrettsdyra vart ført inn:
- Har du fått med deg denne? Nokre føretrekker ull frå topp til tå, andre vil ikkje ha noko på seg i det heile tatt, men korleis bør ein kle seg til sommarbadet?
Trur folk er villige til å betale
HAR TRUA: – Lokalproduserte råvarer er i tida, seier garnansvarleg på Uldvaren. Ho forklarer at alpakkaulla er populært fordi den held seg god og mjuk.
Foto: PrivatLeveringstida på alpakkaull frå Peru er for tida lang. Det seier Kristin Olive Ødegård som er garnansvarleg på garnbutikken Uldvaren i Lillehammer.
Ødegård trur fleire kundar er villige til å betale meir for lokalprodusert ull.
– Folk skjønner at det er viktig å ikkje berre importere frå andre land.
Ho meiner også at mange vil ha ei historie bak det dei kjøper. At ein kan ha med seg noko heim, som kjem kortvegs frå.
I tillegg tenkjer garnseljaren også på forholda til dyra.
– Det er ingen tvil om at dyr har det betre i Noreg enn i mange andre land.
Fleire gonger dyrare
Sjøli er fullstendig klar over at prisen på norsk alpakkaull kan vere mykje dyrare enn den peruanske motparten, og han tener hovudsakleg pengar på å selje dyr vidare til forskjellige aktørar.
– Vi har mellom anna selt dyr til Sjusjøen, som truleg skal drive alpakkavandring til turistane der. Vi sel også oppdrettsdyr til avl vidare til Sverige, Finland og Austerrike, med førespurnader frå Tyskland akkurat no.
IVRIGE ETTER Å KOME UT: Etter fleire dagar med regn, er alpakkaen glad for å kunne vere ute.
Foto: Knut Røsrud / NRKLikevel meiner han det er ein marknad for norsk alpakkafiber, med nordmenn som er viljuge til å betale for god og kortreist ull.
– Nokre handlar matvarer på Meny, nokre på Kiwi, og nokre reiser over grensa til Sverige. På same måte treng vi ikkje at alle skal ha ein genser av norsk alpakka. Vi treng berre dei få kvalitetsmedvitne kundane.
Fleire bønder er flinke til å tenke alternativt: