Hopp til innhold

– Dette er det ein kallar julebrus i verdsklasse

Det var stor semje blant dommarpanelet då dei kåra årets beste julebrus i morgonsendinga til NRK Møre og Romsdal.

Julebrustest

Victor Mauren Rekdal, Vebjørn Kristiansen, Live Kristiansen og Martin Furmyr var dommarane i julebrustesten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Onsdag 22. desember arrangerte NRK Møre og Romsdal ei uhøgtideleg julebruskåring. Dei fire dommarane fekk blindsmake fire ulike typar julebrus, og kåra til slutt ein vinnar.

Testpanelet bestod av Victor Mauren Rekdal, Vebjørn Kristiansen, Live Kristiansen og Martin Furmyr.

Vinnaren blei tatt godt imot av dei tre dommarane.

– Den var veldig god, sa Live.

– Einig, den smakte veldig godt og var veldig god, var kommentaren frå Martin og Vebjørn.

– Dette er det ein kallar julebrus i verdsklasse. Fargen var fin og den smakar skikkeleg godt, sa Victor då han fekk smake testens vinnar.

Julebrustest

Victor Mauren Rekdal, Vebjørn Kristiansen, Live Kristiansen og Martin Furmyr var dommarane i julebrustesten.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Heile testen og kven som vann kan du sjå og høyre i innslaga under:

Du kan også høyre heile testen her:

Og resultatet her:

Julebrustest
Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL