Hopp til innhold

– Vi er også vestlendingar

To damer på Valderøya utanfor Ålesund fekk kaffien nesten i vrangstrupen då politikarane i Hordland og Sogn og Fjordane foreslo å kalle den samanslåtte regionen sin for «Vestlandet».

Sylvi Tunheim

ER OGSÅ VESTLENDINGAR: Sylvi Tunheim meiner at også sunnmøringar er vestlendingar.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Vestlandsvêret sig innover land, vått og grått slik det ofte er på denne tida av året. Det veit alle vestlendingar. Eller er dei vestlendingar, Sylvi Tunheim og Marianne Røsås på Valderøya utanfor Ålesund?

– Vi er vestlendingar, gjett om, seier Tunheim.

– Eit reint tjuveri

Kampen om Vestlandet er i gang. Grunnen er forslaget frå Hordaland og Sogn og Fjordane om å kalle det samanslåtte fylket for «Vestlandet», som i fylkestinga til begge fylka vart vedtatt med klart fleirtal.

Namneforslaget har fått sterk kritikk frå fleire hald, mellom anna frå politikarane i Møre og Romsdal, men også frå Språkrådet.

Fleire opprørte sunnmøringar rasar også mot forslaget og meiner det er eit ran, og at namnet tilhøyrar langt fleire.

Marianne Røsås

KUPP: Marianne Røsås syns ikkje Hordaland og Sogn og Fjordane skal kuppe Vestlandet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg syns ikkje dei skal kuppe «Vestlandet». For vestlendingar det er vi her også. Så eg syns dei må finne seg eit anna namn som dekkjer deira sitt område, seier Røsås.

Det er fleire sunnmøringar som kjenner seg att i beskrivinga til damene på Valderøya.

Borge Rørvik

RAN: Borge Rørvik meiner at namneforslaget er eit tjuveri.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg syns det er eit reint tjuveri, for vi er vestlendingar og har vore det i mange, mange år, sjølv om enkelte har meint at vi høyrer til på Nordvestlandet. Men vi er vestlendingar av sinn, seier Borge Rørvik.

Saka er løfta til Stortinget

No er denne saka løfta opp på politisk nivå på Stortinget og det likar Hans Kjetil Knutsen, som representerer det lokalpolitiske partiet Sunnmørslista.

Hans Kjetil Knutsen, Sunnmørslista

POLITISK BEHANDLING: At saka no er løfta på politisk nivå trur Hans Kjetil Knutsen er bra.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Eg håper jo at dei tek til fornuft. No er dette også ei formell sak på gang som gjer at dette ikkje berre blir ei medie-sak, men også ei sak til behandling formelt i samband med regionreforma, seier Knutsen.

Damene på Valderøya trur at det at saka no er løfta opp på politisk nivå er bra.

– Vi må vere vestlendingar for det er det vi er, legg Tunheim til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL