Hopp til innhold

600 000 besøkte sikk-sakk-vegen

Kinesarar, hollendarar, svenskar og tyskarar sto i kø for å besøkje Trollstigen i sommar. Den populære sikk-sakk-vegen hadde nesten 600 000 besøkande, og dette er dermed fylkets mest populære turistveg. 

Trollstigen
Foto: Alvik, Halvard / SCANPIX

For "alle" som besøkjer Møre og Romsdal som turistar må innom Trollstigen. Ikkje noko anna turistmål i fylket har så mange besøk.

Størst vekst har likevel Atlanterhavsparken i Ålesund. I sommar auka besøkstala med over 20 prosent, og nesten 80 000 var innom dørene i mai, juni, juli og august.

Ifølgje fylket står reiselivsnæringa i Møre og Romsdal for ei verdiskaping på fire milliardar kroner i året, og ni av ti kommunar seier dei vil satse på turisme.