Hopp til innhold

UP delte ut 55 fartsbøter - men skiltinga viste seg å vere feil

55 bilistar får tusenvis av kroner på kontoen - og tre får tilbake førarkortet - etter at politiet vedgår at dei gjorde feil. NAF meiner det skulle berre mangle.

Kristiansund politistasjon

58 fornøgde bilistar får no tilbake enten førarkortet eller tusenlappane dei måtte betale etter fartskontrollen i Kristiansund tidlegare i juni.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var mange som trakka hardt på gassen då UP sto klar i ei 40-sone i Kristiansund om kvelden 2. juni. Tre bilistar mista førarkortet på staden og 55 måtte betale førelegg etter å ha køyrt for fort i 40-sona. No viser det seg at politiet har gjort feil.

– Eg synest det er heilt bak mål at dei gjer slike feil, det skal ikkje skje, seier Roald Sæther i NAF Kristiansund.

Roald Sæther

Roald Sæther meiner feilen skaper mykje unødvendig trøbbel for bilistane.

Foto: privat

Og han er ikkje åleine om å hisse seg opp. Politiet stadfestar at det var fleire av fartssyndarane som protesterte umiddelbart då dei blei bedne om å rulle ned vinduet. Bilistane måtte ut med førelegg i tusenkronersklassen, frå 2250 til 9000 kroner etter råkøyring.

Politiet vil rydde opp

Politiet vil no betale tilbake samtlege førelegg, og dei tre som mista førarkortet får det tilbake.

– Nei, dette er ikkje pinleg. Politiet er opptatt av å rydde opp når vi ser at vi har gjort feil, og det gjer vi her, seier politiinspektør Ove Brudevoll ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Ove Brudevoll, påtaleleder i Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Politiinspektør Ove Brudevoll i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Roar Halten / NRK

Han seier at dei som no får telefon frå politiet, tek imot meldinga med glede.

– Alle er fornøgde med det, sjølvsagt, ein får litt meir på feriebudsjettet, seier han.

Protesterte på staden

Ifølgje politiet kom fleire av dei bøtlagde sjåførane køyrande inn i 40-sona frå sidegater med høgare fartsgrenser. Mangelfull skilting gjorde at ikkje alle var klar over at dei køyrde for fort.

Det er ikkje første gongen skiltinga har gjort bilistar forvirra. På Verma i Rauma vedgjekk Statens vegvesen at dei burde sett opp fleire skilt. På denne strekninga har det vore delt ut hundrevis av fartsbøter dei siste åra. I løpet av 2019 miste 53 bilistar førarkortet.

Tvilar på at det er fleire

Politiet ser ikkje bort frå at det også er andre som har fått fartsbot i Wilhelm Dalls vei som no ønskjer å få tilbake pengane. Det har også tidlegare vore kontrollar i området, men Ødegård trur ikkje at andre bilistar kan ha opplevd det same.

– Du skal aldri seie aldri, men det er ingen grunn til å tru at det heftar tilsvarande feil ved tidlegare kontrollar, seier han.

No er politiet i dialog med Statens vegvesen for å få på plass fleire skilt.

Hei

Har du tips i saka? Då vil eg gjerne høyre frå deg!