Hopp til innhold

Lege og ambulanse var i same bygg som barnehagen

Den fire år gamle jenta som vart funnet med eit tau rundt halsen i barnehagen i Aukra, fekk raskt hjelp. Lege og ambulanse var berre få meter unna.

Riksfjord skule

Barnehagen held til ved den nedlagde Riksfjord skule. I same bygg er det også lege.

Foto: Peter Fiskerstrand

Det var i 13.30-tida at den fire år gamle jenta vart funnen med tau rundt halsen i ei sklie i Barnebo barnehage i Aukra.

– Det var hell i uhell at barnehagen er i same bygg som legen, seier ordførar Bernhard Riksfjord.

I ettermiddag har delar av kriseteamet til kommunen vore samla saman med dei barnehagetilsette for å gå gjennom det som skjedde.

Bernhard Riksfjord

Ordførar Bernhard Riksfjord har i kveld vore på møte saman med delar av kommunen sitt kriseteam og dei tilsette i barnehagen.

Foto: NRK

Fekk raskt hjelp

Etter at jenta vart funnen, gjekk det berre sekund ifylgje ordføraren, før ho fekk helsehjelp. Både lege og ambulanse var til stade og avgjorde raskt å sende fireåringen med luftambulanse til St. Olavs Hospital i Trondheim. Sjukehuset opplyser at skadane er alvorlege og at tilstanden er stabil.

– Alt vart gjort etter boka då jenta vart funnen, seier Riksfjord.

Foreldre får informasjon

Kommunen sender no ut informasjon til alle barnehageforeldre om kva som har skjedd. Ordføraren seier at foreldra vil få sms, epost og verte kontakta per telefon.

– Vi legg vekt på å gjere dette på ein god måte, seier Riksfjord.

Måndag skal politiet etterforske kva som skjedde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL