NRK Meny
Normal

4-åring alvorleg skadd i barnehageulukke

Barnet skal ha fått eit tau rundt halsen, melder politiet. Det var tilsette i barnehagen som fann jenta.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Aukra» i nytt vindu

Det var klokka 14.14 at politiet ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt fekk melding om ulukka i ein barnehage i Aukra. Då hadde det gått mellom 30 og 45 minutt sidan barnehagetilsette fann barnet på uteområdet.

– 4-åringen er flogen med luftambulanse til St. Olavs Hospital, seier operasjonsleiar Jan Erik Kjelle. Tauet skal ha høyrt til på ei leike.

Etter det han erfarer var barnet medvite, men det er usikkert om jenta har vore medviten heile tida. Klokka 16.31 melder St.Olavs hospital at skadene til jenta er alvorlege og at ho er stabil.

Lensmannen har vore på staden i ettermiddag og vil halde fram etterforskinga. Over helga vil politiet prate med dei tilsette i barnehagen og finne ut kva som skjedde.

– Vi ser på det som ei rein ulukke og ikkje noko straffbart, seier Kjelle.

Dei tilsette i barnehagen er prega av det som har skjedd, og samlar seg saman med barnehageleiinga, opplyser politiet.