Hopp til innhold

17-åring tatt for promillekøyring

Politiet fekk melding om ein bil i grøfta i Kristiansund i natt. Det viste seg at sjåføren var ein 17-åring som køyrde i fylla.

Klokka 00.32 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt i grøfta på ein sideveg på Nordlandet i Kristiansund. Då dei kom fram til bilen møtte dei ein uskadd 17 år gamal sjåfør.

– Han la korta på bordet og sa at han hadde køyrt bilen, men at det ikkje hadde gått fort, seier operasjonsleiar Aron Tonning.

Politiet tok promilletest av tenåringen og den gav utslag.

– Dette er svært alvorleg og vi vil følge opp saka, seier Tonning.

Politiet kontakta foreldra i natt, og dei kom og henta sonen. Bilen er registrert på eit familiemedlem. Det er usikkert kor langt 17-åring har køyrt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL