5. mai 1997 skjedde det som snudde livet opp ned for Bård Eiksund. Motorsykkelen han køyrde kolliderte med ein motgåande bil. Eiksund blei 100 prosent ufør, sit no i rullestol og må ha hjelp til den minste ting.
Forsikringsselskapet har hatt full forståing for at 29-åringen skal ha full erstatning. MEN det er storleiken på erstatninga det har blitt diskusjon om. Bård Eiksund fekk tilbod om 3, millionar - men takka nei og har gått rettens veg. Det viste seg å lønne seg.
Retten skriv i sin konklusjon at denne saka framfor alt dreiar seg om Eiksund sin rett til eit fullverdig liv. Retten meiner 29-åringen bør få meir hjelp enn han i dag har - han sit mykje aleine - og sjølv om den næraste familien yter stor innsats, er ikkje dette nok.
Retten konkluderer med at ingen av partane har vunne - If Skadeforsikring meiner 5 millionar kroner var nok- Eiksund kravde nærare 20. Retten fann at 10 millionar var passande. Lundin ser likvel på saka som ein siger.